Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Jul i kyrkja 2015
Det har vel knapt hendt før at kyrkja har vore i bruk 4 gonger på 8 dagar.
Men i år skjedde det. Det var skulegudsteneste den 18, jula vart sungen inn den 20, gudsteneste om julaftan, og det same 1. juledag. Til saman var mange fleire innom enn heile folketalet i bygda. Juleaftan var det spesielt mange som møtte fram, over 180.

Torsdag 29. oktober klokka 19.30 inviterer bygdekvinnelaget til samling på Øvregård, i Anita sitt nyoppussa lokale. Anita serverer suppe mm. 
Mette Vatland frå Ropeidhalvøya bygdekvinnelag kjem og fortel om bygdekvinnelaget på halvøya og korleis dei driv laget der. 
Ellers blir det diskusjon om korleis bygdekvinnelaget i Imsland skal drivast vidare. På møtet 14.oktober kom det opp nye friske innsalg - og me er interesserte i fleire!
Set av denne kvelden. Ikkje la sjansen til å høyra Mette gå ifrå deg. 
Møt opp - anten du er medlem eller ikkje. Alle er velkomne!
Helsing Bygdekvinnelaget

I gudstenesta søndag 18.10 var det utdeling av fireårs-bok. Vi har tre fireåringar i Imsland i år, men berre Oliver Marvik Johansen hadde høve til å møta. Det var litt skummelt å gå opp til presten åleine, så han  fekk fylgje av søster si.

Konfirmantane vart presenterte i gudstenesta 6. september.
Frå venstre: Nina Rønnevik, Merete Imsland Birkeland, Sofia Hustveit, Eivind Langeland , Oskar Marvik. Emil Haugland Rønnevik var ikkje til stades.



Søndag 20. sept var det festleg samvære i Vikedal for gullkonfirmantane i heile prestegjeldet. Frå Imsland møtte frå v.: Osmund Andreas Ildstad, Norvald Teodor Liabø og Martin Aksland. Dei andre i kullet var Bjørn Wåga, Reidar Bratteland, Lars Bjørn Rønnevik og Torjus Frøvik som er død.

 

Cruys Magnus 16 år er intressert i avløysar jobb i helger og kveldar. -Eg har avløysarkurs og traktorsertifikat. Har litt erfaring frå frå dyrestell og skog/ved. 

Tlf nr mitt er: 46 78 32 15.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716