Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Andre pinsedag, 25. mai 2015, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 28. gong på rad, og trekkjer nærmare 1000 trimmarar og aktive løparar til bygda.

Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, 7 km i idyllisk kulturlandskap, som vert halde i hevd av driftige Ølmedals-bønder. Frå naturen si sida er løypa pynta med lysegrøn bjørk og mengder med kvitveis no om våren.

 

Familiearrangement
Folketalet i Imsland blir om lag tredobla under arrangementet, og i start/ mål-området er det liv og røre heile dagen. Dei aller fleste deltakarane går eller syklar den 7 km lange løypa og avsluttar turen med grillmat og dessert frå heimelaga kakebuffet, medan dei heiar fram dei aktive løparane. Dei siste åra har det og blitt tradisjon med barneløp, og deltakinga har auka år for år. I fjor stod 99 born på startstreken.

Skiløparen Sjur Røthe til Ølmedal
Om lag 200 løparar stiller til start i aktiv klasse og løparane har opp gjennom åra fått måle krefter mot nokre av landets fremste idrettsprofilar, til dømes Petter Northug, Ole Einar Bjørndalen, Anders Aukland, Odd Bjørn Hjelmeset, Liv Grethe Skjelbreid, Hilde Gjermundshaug Pedersen med fleire. I år vitjar langrennsløparen Sjur Røthe arrangementet.

- Røthe er ein av Norges aller beste langrennsløparar, seier Lars Olav Larsen, primus motor for Ølmedal Rundt.  – Han er ein fantastisk idrettsmann, som mellom anna vunne 5-mila i verdscupen i Holmenkollen og har og vunne VM-gull i stafett, seier Larsen.

Urige Buta, HIL, har løyperekorden med tida 19.23, og har meldt sin ankomst til årets arrangement.  Det nyetablerte Team Veidekke Vest er og påmeldt med 11 aktive skiløparar i tillegg til trenaren Frank Heggebø.

 

FAKTA:
Løpet vert arrangert 25.mai 2015.
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Start trimklasse kl 10.30
Start hovudløp kl 14.00
Start barneløp kl 14.05
Ølmedal Rundt har vore arrangert kvart år frå 1988.
Deltakarrekorden er 1300.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Barneløp, trimklasse og konkurranseklasse.
Medalje til alle som deltek i barneløpet.
Premiar til dei tre beste i konkurranseklassen, dame og herre.
Loddtrekning av premiar i mosjonsklassen.
Profesjonell speakerteneste. 

 

 

 

 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716