Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


John Brattaland er oppvaksen i Imsland. Han flytta ut tidleg og budde meir eller mindre heimefrå frå han var 16 år. Han slo rot i Stavanger då han var 22 år og der bur han framleis.   

Han har hytte på Krokstøl, som far hans bygde for lenge siden, og der er han 2-3 gonger i året. Då kosar han seg med å fiske i Damsvannet, Midtvannet og Søtetjern, og så er han ein ivrig bærhentar.

Biletet er tatt i 1946 og viser John (den litle tassen med kje) og familien hans. 

 

-Til Krokstøl-hytta hadde eg kvar sommar barn, og seinere barnebarn med frå dei var 5 – 6 år og til dei var 15 – 16 år, skriv John.

Det hender han går Ølmedal Rundt og så følgjer han med på nettsida vårLaughing

Han skriv at dette stort sett er den kontakten han har med bygda no, men at Imsland og spesielt Ølmedalen alltid kjem til å vera heimbygda hans.

10.august 2013 fylte John 75 år og feira samstundes gullbryllaup med kona, Bjørg. I den anledning hadde han skrive boka Mitt Liv, som vart delt ut til familie og venner. I seinare tid har han skrive fleire historiar frå yngre dagar, og dei aller fleste handlar om ting som har skjedd i Imsland.

Nokre av desse historiane vil du få lesa her på nettstaden. Kanskje det handlar om nokon du kjenner?. John har forresten ein mengde bilete frå før-i-tiden.

Han ber meg nevna at han i årenes løp har gått over til å skriva bokmål, på grunn av krav frå arbeidsgjevar, og at han etter mange år med bokmål finn det vanskeleg å byte til nynorsk igjen. 

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716