Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Jul i kyrkja 2015
Det har vel knapt hendt før at kyrkja har vore i bruk 4 gonger på 8 dagar.
Men i år skjedde det. Det var skulegudsteneste den 18, jula vart sungen inn den 20, gudsteneste om julaftan, og det same 1. juledag. Til saman var mange fleire innom enn heile folketalet i bygda. Juleaftan var det spesielt mange som møtte fram, over 180.

 I år var me for det meste sjølvhjelpne med å få jula sungen inn. Ingen kjendisar med  høge honorar og ikkje inngangspengar, alt var gratis. Det nye barne- og ungdomskoret vårt, som Marita Staurland er leiar for, kom inn i prosesjon med tende lys i hendene under preludiet. Dei opna med å syngja Jakob Sande sin umåteleg populære julesong ”Det lyser i stille grender”. Ein nykomling i salmeboka, Alf Prøysen si julekveldsvise, var første fellessongen. Lisa Marvik song mellom anna ”Nordnorsk julesalme” av Trygve Hoff. Janicke  Jaisua, som bur i Vikedal, song den kjende julesongen ”I’ll be home”, og eit par nyare norske julesongar.

Torunn Rønnevik og barnebarnet Linnea song saman ” Himlen i min favn” av ErikHillestad/Carola Haggkvist.  Olaug Imsland las dikt, og siste solistinnslaget stod Torunn Rønnevik for. Ho framførde Pie Jesu av Andrew Lloyd Webber. Innimellom var det mange fellessongar med kjende julesalmar, og sokneprest Eintveit batt programmet saman med kommentarar til dei einskilde innslaga. Han heldt og ein kort andakt og som vanleg slutta ein av med ” Deilig er jorden”. Ute storma og regnde det, og ein kraftig haglskur tromma ei stund så hardt mot rutene at det var vanskeleg å høyra.  Men inne var det god førjulsstemning,  og frå dei mange som trassa uveret og møtte fram, var det berre lovord å høyra.
Klikk på bileta for større versjon.

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716