Fiber til Imsland?
- Detaljar
- Skriven av Imsland Grendeutval
Me i grendeutvalet har vore i kontakt med Haugaland Kraft angåande det å få fiber til bygda. Dei har ingen konkrete planar om å legga opp det her i bygda i næraste framtid. Me vil likevel prøve å få fortgang på dette og køyrer difor ein underskriftskampanje. Får me mange nok underskrifter vil dei sjå på saken og vurdere det på nytt.
Fiber vil gi eit raskare og meir stabilt nett og moglegheit for altibox. Les meir om altibox her: https://www.haugnett.no/ På denne sida kan ein også melde si interesse for fiber ved å gå på linken som heiter «nå kan du også bestille fiber direkte på web». Men hugs også å gi di underskrift til oss! Me prøver å gå rundt i veke 11, Får de ikkje besøk av oss kan de berre ta kontakt med ein av oss i grendeutvalet: Sølvi Staurland, Anette Klungtveit, Ann Helen Olsen, Margunn Fjetland, Berit Haugland, Ann Kristin Eikeland eller Hanne E. Imsland.
Vonar så mange som mogleg er med på dette!
Imsland Grendeutval
Allehånde med heimeside og nettbutikk
- Detaljar
- Skriven av Bente
Dagmar Dentel bur i Ølmedal og har no opna nettbutikken Allehånde - Allerlei. Ta ein kikk på heimesida og sjekk tilboda i nettbutikken.
Dagmar minner og om JENTEKVELDEN kvar 1. onsdag i månaden - frå 19.30 i kjellarstova hennar.
Trilletur Friluftslivets år 2015
- Detaljar
- Skriven av Bente
Trilletur Friluftslivets år 2015 Sjekk kommunen sine nettsider for eventuelle endringar. Oppslag også på helsestasjonen. Nokon turar står i «Ut på tur» brosjyren *, og kan registrerast på Telltur.no
|
||
Månad: |
Aktivitet: |
Tal deltakarar: |
15. Januar kl. 11 |
Trilletur Ølen med oppmøte ved Revehallen.* Besøk på Frivilligsentral |
|
10. Februar kl. 11
|
Trilletur Skjold. Oppmøte ved Frøken Fryd. Rundtur i sentrum* med besøk på kafeen etterpå. Ta med pengar! |
|
3. Mars kl. 11 |
Trilletur Imsland. Oppmøte ved bygdahuset. Ølmedal rundt* med besøk i lavvo ved campinga. Ta med niste. |
|
7. April kl. 11 |
Trilletur Bjoa. Skogstur til Baslia*. Oppmøte ved parkering 1 km inn på vei skilta til Dalsbruket. Ta med niste. |
|
5.Mai kl.11 |
Trilletur Øvre Vats. Oppmøte ved infoskilt Refsnes. Rundtur rundt bygda ved Refsnes. Ta med niste og badetøy (?) |
|
2. Juni kl. 11 |
Trilletur Vikebygd. Oppmøte ved bygdahuset. Rundtur rundt nullen*, med avslutning på småbåthamna. Ta med badetøy, niste eller kjøp på butikken . |
|
Juli |
Ferie |
|
19.August kl.11 |
Trilletur Vikedal. Parkering ved båthamna. Rundtur i sentrum med avslutning på badestranda. Ta med niste eller kjøp på butikkane der. |
|
22. September kl. 11 |
Trilletur Sandeid. Oppmøte på samfunnshuset. Rundtur via sentrum via Helgevold* med avslutning i lavvo ved skulen. Ta med niste eller kjøp på butikken. |
|
20. Oktober kl. 11 |
Trilletur Ølensvåg. Oppmøte ved bensinstasjon. Tur til Lundeneset med besøk på Isabella kafe etterpå. Ta med penger!
|
|
24. November kl.11 |
Trilletur Nedre Vats. Oppmøte ved gamle Coop i Åmsosen. Rundtur i området og besøk i Hattelandsparken ved elva. Ta med niste.
|
|
8. Desember kl.11 |
Trilletur Frønsdal. Oppmøte Frønsdal aktivitetsgard. Ta med niste/kakao og nisselue! Om snø , ta med akebrett. |
|
Nokon spørsmål? Ring Elisabeth folkehelseinspirator 92461223 for informasjon |
Lys vaken i kyrkja laurdag 29. november
- Detaljar
- Skriven av Jolaug
Dagen etter, 30. november, var den første søndagen i advent. Då er det tid for å ringja inn det nye kyrkjeåret.
Klokka 18 om kvelden møtte to vaksne og 5 born frå 5. og 6. klassetrinn, spente opp på Bedehuset og lurte på kva kvelden ville bringa. Me laga først taco. Det er alltid gildt å å laga mat, og eta saman. Etterpå malte borna på lys og julepynt, porselensfat og -koppar.
Les meir
Fullt hus då grana vart tent
- Detaljar
- Skriven av Bente
I Imsland var det tenning av julegran første søndag i advendt, slik tradisjonen har vore dei siste åra. Oppmøte fortel at dette er ein tilstelling imslandsbuen set stor pris på! Det var meir enn fullt hus - og nokre måtte faktisk opp på møterommet for å finna sitjeplass.
Juleverkstad på Øvregård
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det var fullt hus og god stemning på låven då Anita Øvregård inviterte til juleverkstad på Øvregård.
ÅRSREFERAT FOR IMSLAND BYGDEKVINNELAG
- Detaljar
- Skriven av Bente
ÅRSREFERAT FOR IMSLAND BYGDEKVINNELAG 05.11.13 – 29.10.14
MED TILLEGG REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 30.10.14.
07.11.13 – årsmøte på bygdahuset. Ingrid leia møtet og starta med å ynskje alle dei 13 oppmøtte velkomne. Deretter tok vi ein song, slik det alltid blei gjort før.
Jentekveld på Allehånde
- Detaljar
- Skriven av Bente