1 10 11 12 13 14 15 16 18 19 2 3 5 7 8 9

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 



Olaug las opp rekneskapen og Torild las opp årsmeldinga.  Det kom ingen merknader frå salen.

Deretter sto val på programmet.  Olaug og Liv sto på val.  Begge tok attval med atterhald om at dei berre tok attval for eit år.

Bodhild i valnemnda tok ordet.  Ho sa at det ikkje var så greit å få nokon til å ta på seg vervet som styremedlem lenger.  Av den grunn såg ein det som einaste moglegheit å gjere unntak frå regelen, og godta val for eit år i staden for to år.

Etter ein del diskusjon blant medlemmene blei dette einstemmig vedtatt.

Bodhild opplyste også om at ingen hadde trekt seg frå verva sine.  Det blei einstemmig vedtatt at styret ser slik ut:

Ingrid Marvik
Audhild Rønnevik
Torild Hiim Aksland
Liv Hoff Imsland
Olaug Struen Imsland.

Varamenn:
Torunn Rørtveit
Annfrid Ildstad

Valnemnd:
Bodhild Hustveit
Sigrun Staurland

Revisorar:
Liv Norunn Bakkedal
Guri Nordbø Hustveit

Innbyrdes er styret einige om at vi held fram med dei same verva:
Leiar: Ingrid.  Nestleiar: Liv.  Kasserar: Olaug.  Sekretær Torild.  Studieleiar: Audhild.


Val og nyrekruttering vart eit tema.  Slik stoda er nå ser det ikkje ut for at Imsland Bygdekvinnelag er liv laga.

Vi blei einige om å få medlemer frå Tysvær Bygdekvinnelag inn til oss.  Der har yngre krefter overtatt og styrer laget framifrå.  Kanskje dei kan oppmuntre nye medlemmer til å overta i Imsland også?

Økonomien i laget blei også diskutert.  Økonomien er god, men sida vi har valgt å gi gode pengegåver til investeringar i bygda, har vi i det siste hatt underskott.   Sesongen 12/13 gav vi  bl.a. til hjartestarter, til trådlause mikrofonar på bygdahuset, til 4H og til ungdomskubben i Vikedal.

Inntektene våre kjem stort sett frå kafedagar vi har arrangert. Sesongen 12/13 hadde vi berre ei kafetilstelning, med noko mindre overskott enn vanleg.  Elles har vi vel også vore noko «rause» når vi har hatt våre små utflukter gjennom året.  Vi meiner det skal vere litt medlemsfordeler.

Ingen av dei frammøtte hadde innvendingar til dette.  Dei var einige i at vi brukte av kapitalen når det gjekk til fornuftige tiltak i bygda.

Mat er viktig på mange vis.  Liv serverte deilig soppsuppe og Ingrid kom med god eplekake til kaffien.

Elles hadde vi enkel utlodning av blomar og småsaker.  Olaug las opp dikt til ettertanke  Eit av dikta gjekk på det å vere mor heile livet.  Og eit anna gjekk på det med tidsklemma, alle spring frå tida.  Trur alle fann seg sjølv att i desse dikta...

Til sist var det utdeling av Norges Bygdekvinnelag si platte til alle medlemmer som fyller 75 år.  Ei platte blei utdelt denne kvelden.



21.11.2013   -  JULEPÅLEGG

Tina og Endre Tjelmeland kom frå Etne.  Dei hadde med seg kjøttvarer for tilberedning.  Dei laga 8 fårerullar.  Medan dei laga desse, kom dei med mange gode råd og tips om korleis vi skulle få til både fin og god rull.

Dei ferdige produkta blei selde etterkvart – første mann til mølla fekk god julemat i hus.
 
Det viste seg at Tjelmeland kunne  meir enn å lage kjøttmat.  Han kunne også underhalde med vers av Jakob Sande og av Ingvar Moe.  Det skapte stemning.

Etterpå blei det matkos med Liv sine gode sildesmørbrød.  

12 damer deltok denne kvelden.



01.12.13  -  TREKKING AV PREMIAR ETTER TRIMTURANE SOMMAREN 2013

                   Dette blei gjort på Grendautvalet si tilstelning «Tenning av julegran».  Vi kjøpte             
                   heimelaga,lokale produkt på julemessa , som var same dagen.  

                   22 personar hadde gått alle turane: Trommenuten, Hestskar og Rindanuten.


02.12.2013  -  BOK/STRIKKEKVELD
 
                    9 damer møtte, alle like ivrige med strikketøyet.  Kaffidrøs og kringle følgde
                    med.
Boka «Lille Tre» blei gjennomgått av «leserane».  Som ny bok blei valgt
«Fugletribunalet» av den unge forfattaren frå Ølen, Agnes Ravatn.                      


26.02.2014  -  BYGDAKAFE
                                                                                                                                                      Vellukka dag med godt frammøte.   Svinesteik og kjøttkaker, dessert, kaker og kaffi  smaka dei fleste.  

Styret + mange frivillige gjorde ein god jobb for å få dette til.   Mennene våre tek jobben med å ordne med bord og stolar.  

Vi er glade for alle som så velvillig hjelper til.


04.02.2014  -  STRIKKEKVELD

8 damer møtte opp med strikketøyet sitt.  Velukka som vanleg, men ingen hadde lest boka vi hadde valgt som tema.  Ser ikkje ut for at vi greier å halde interessa for bokstudie oppe.  

Ingrid la fram plakat for Sonemøte i februar og vona nokon hadde lyst å delta.  Ingen melde seg.


        KORT STYREMØTE

Etterpå samla styremedlemene seg.  Liv er interessert i å halde kurs for barna med  «Sunn Matglede», som er eit tema for Norges Bygdekvinnelag i år.  Praktiske ting blei diskutert.

Julebordet blei bestemt til å vere på Nesheimstunet 20.februar.   «Tidsklemma» gjorde at det ikkje blei noko julebord  på oss før jul.

Vidare blei det diskutert korleis vi skal gå fram for å få nyrekruttering.



20.02.2014  -  SAMLING PÅ NESHEIMSTUNET

Heile 18 damer møtte i eit ufyselig vær.  Damene klarte likevel fint køyreturen til Vats.

Vi fekk ein varm velkomst av vertskapet på Nesheimstunet.  Eit fint bord var dekka til oss i den gamle løa, som nå var innreia til selskapslokale og meir til.  

Vi fekk servert nydelig kyllingsuppe med heimelaga brød, urtesmør m.m.  Vertskapet fortalde korleis alt dette hadde blitt til.   Etter maten fekk vi omvisning.   Stovehuset, såkalla «oldemorshuset» har vore i bruk lenge for å ta i mot lag.  For 2 år sidan måtte dei ta stilling til om dei også skulle overta løebygningen.  Så blei gjort, og i dag står den nyinnreia løa klar til å ta i mot større lag.  Både bryllup og konfirmasjonar har dei hatt.  Bryllupssuiten i den tidlegare siloen fekk oss nesten til å ønske å gifte seg på ny.... Heilt utruleg å sjå alt det dei hadde gjort, korleis dei hadde greid å tilpasse gamalt og nytt.  Elisabeth hadde ein historie å fortelje om kvar einaste gjenstand dei hadda samla og plassert der.

Kvelden gjekk fort og det blei tid for heimtur.  Damene greide fint køyreturen heim også i uværet.



03.03.2014  -  STRIKKEKVELD

7 strikkeglade damer møtte på bygdshuset.  Som vanleg gjekk strikkepinnane og praten lett.  Gode kaker etter kafeen gjekk ned på høykant.  Dei smaka like godt, sjølv om dei hadde vore frosne.



28.-29.03.2014  -  ÅRSMØTE FOR ROGALAND

Ingrid og Liv reiste på årsmøtet på Sola.  I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene  var det Aksjon sunn matglede som sto i fokus.  Som oftast når bygdekvinnene møtest, så handlar det om mat.  Men perspektivet er vidt, frå kamp mot genmodifisert mat, jordvern m.m.

Utsendingane våre var svært nøgde med møtet, og ikkje minst hadde dei hatt god middag og veldig god underhaldning.



07.04.2014  -    STRIKKEKVELD

8 strikkeglade damer denne kvelden.  Dette ser ut til å vere eit vellukka tiltak.  Dette erstattar vanlege medlemsmøte og er opne for alle.  Vi er særs glade for at fleire ikkje-medlemmer også har vore med på desse kveldane.  Dette må vel kallast eit ledd i begrepet «levande bygder».

Det er alltid styremedlemmer til stades slik at det er høve til å ta opp saker dersom nokon ynskjer det.  Og mangt har blitt diskutert over strikkepinnane, det dreier seg ikkje berre om mat og oppskrifter.

Men vi vil slutte av for sesongen nå, men alle ynskjer at det bør kome i gang til hausten att.....



09.04.2014  -  QIGONG

Tone Staurland har lært seg dette og kom inn for å ha ein time med oss.  Her møtte 11 damer, unge og eldre, medlemmer og ikkje.medlemmer.  Flott.

Tone var flink.  Avslappande musikk og hennar rolige stemme fekk oss til å koble heilt ut ein times tid.  Trur alle følte muskelspenningane avtok, berre etter denne eine kvelden.  Dette kan ikkje beskrivast – det må prøvast.

Tone vurderte å kome til Imsland med fleire kurs til hausten, dersom det er interesse for det.  Håper det er interesse....

Etterpå slappa vi av med ein kopp te, og med Sunn matglede sine havrekjeks og knekkebrød dei hadde laga tidlegare på dagen (ikkje kaffi i kveld).    


21.04.2014  -  STYREMØTE

Styremøte hos Olaug, som tok seg godt av oss med kaffi og noko attåt.  Alle 5 styremedlemmene møtte.

Ingrid fortalde kva som føregjekk på årsmøtet til Rogaland Bygdekvinnelag i mars.

Vi diskuterte program framover.  Fellestur til Ferkingstad.  Sesongavslutning hos Åse og Oddvar.  Liv fortalde om Aksjon sunn matglede.  Ho har allereie hatt 3 kurs med ungane.  Dette var populært og nå har skulen bedt om eit kurs der også.  Og Liv er villig,.  Audhild og Olaug vil hjelpe henne.

FAU ved Imsland skule  har bedt om tilskott til leplanting.  Enighet om at vi gir 5.000 kroner til FAU.



11.06.2014  -  SOMMARFEST

Åse og Oddvar hadde god plass til dei 20 damene som møtte.  Vi var alle like imponerte over det dei hadde fått til i i løa si, eller det tidlegare hønsehuset.  Det var ikkje lite arbeid som nedlagt her.    Stort lyst og triveleg var det blitt.

Oddvar starta med å fortelje.  Han hadde laga eit lite museum der han hadde redskaper frå båtbyggjartida i Hogganvik.  I tillegg hadde han mange andre gamle bruksting.  Dei fleste av oss drog kjensel på gjenstandane, og somme hadde også nytta slike gjenstander i sin ungdom.

Etterpå blei det kos rundt det store trebordet Oddvar hadde laga sjølv, fint pynta med blomar og lys av Åse.  Vi hadde rømmegraut og spekemat, kaffi og kaker.  Praten gjekk lysteleg.

Plutselig kom det to unge jenter får Byrkjeland og song til oss.  Dei song bl.a. Imslandssongen, som alle er så glad i.  Dette gjorde stor lukke.  

Judith las opp ein prolog ho hadde skrive i 1976.  Ganske rart å høyre korleis dei hadde det då (ikkje så ulikt nå forresten).

Sigrunn minna oss om at Prøysen ville bli 100 år i år.  Ho las eit fornøyelig dikt av han.

Ingrid avslutta møtet  rundt kl 22 og takka for frammøtet.  



25.08.2014  - TUR TIL FERKINGSTAD

Busstur til Karmøy der både menner og venner fekk vere med.  Vi blei 15 stk som reiste.

Ola Ferkingstad møtte oss på Karmøy.  Han budde på Ferkingstad, i havgapet der vikingane og kong Ferkingstad regjerte.  Ola kunne vise oss kor den gamle kongsgarden til kong  Ferking låg.  Her møtte Lyder oss også, som kunne enda meir historia.  Vi var ute og såg på minnesmerker og fekk høyre mange historiske segn.  

Medan desse to fortalde, serverte Ingrid og Liv oss nistepakke frå Frk.Fryd inne i bussen.  Det gjekk fint, sjølv om tanken var å kose seg ute.  Været var ikkje det beste, men ikkje det verste heller...
Deretter gjekk turen til Skudesneshavn der vi gjekk tur i parken og såg «månesteinen».  Vi såg også minnestøtte over personar som omkom på sjøen under krigen.  Vidare blei det vandring i Søragatå.  Litt handling, og middag på Lanternen.  Ola var med oss heile tida med sine stubbar og skjemt – og som kjentmann.

Vi deltakerar koste oss, og det såg ut som både Ola og bussjåfør Staknes koste seg i lag med oss.



08.09.2014  -  STYREMØTE HOS OLAUG

Ingrid, Audhild, Liv og Olaug var til stades.

Det blei fastsett dato for medlemsmøte til 02.10.14.  Representantar frå Tysvær bygdekvinnelag blir kontakta.

Invitasjon til bygdefolket blir lagt ut på imsland.info i tillegg til at vi set opp plakatar og legg innbydinga rundt om i postkassane.



02.10.2014  -  MEDLEMSMØTE

Line kom frå Tysvær Bygdekvinnelag.  15 damer kom på møtet.

Line gjorde ein god jobb.  Fantastisk å høyre korleis dei fekk spreidd interessa blant den yngre garde, og korleis dei greidde å fordele oppgavene rundt om kring i laget.  Nå var dei 79 medlemmer.  Den eldre garde var sjølvsagt med enda, men mange nye og yngre var komne til.  Ofte blei oppgavene delt opp i grupper, slik at både unge og eldre kunne jobbe med sitt interessefelt.  

Det blei stilt ein del spørsmål i salen både frå medlemmene og frå dei oppmøtte som ikkje er medlemmer i bygdekvinnelaget.  Line gav gode svar.

Praten gjekk lenge rundt bordet, saman med rundstykker, kaker og kaffi.

Ingrid og Line orienterte om eit leiarmøte som skulle vere i Haugesund.  Line opplyste at det var stor interesse for dette hjå dei.  Ikkje så vanskeleg å reise til Haugesund.  


            STYREMØTE

Styremedlemene tok eit lite diskusjonsmøte etterpå.  Kva skjer nå?  Vi kan prøve å hente inspirasjon frå Ropeidhalvøya til årsmøtet.  Også der er der eit driftig lag med unge og eldre side om side.

Valgnemnda får i oppdrag å undersøkje om det  finst moglege nye medlemmer.  

Trekking av premiar etter trimturane sommaren 2014 vil bli gjort på årsmøtet.  Turane i år gjekk til Vasstølsvatnet,   Øspehompen og Skjøljanuten.  Premiane kjøper vi  lokalt, som i fjor.

Dato for årsmøtet blir sett til 30.10.2014.


I tilleg til ordinære styremøte, har det vore ein del telefonmøter.
                                                                                                                                                Bygdekvinnelaget har gitt pengegåve til FAU  og 4H.  Og vi har gitt  juleblomar til sjukeheimen.                      
                                                                                                                                              Dåpskjolane er ikkje utleigde denne sesongen.

Det er heller ikkje delt ut platte ved 75 år.

Bygdekvinnelaget pynta kyrkja til haustakkefest 12.10.14.

Bygdekvinnelaget blei bedt om å merke kommuneturen til Rindanuten i år.  Det gjorde vi i april.  For dette skulle vi få 5.000 kroner.  

På medlemslista har vi hatt 19  medlemmer dette året.



Imsland  dato  29.10.2014


Ingrid Marvik                                                          Torild Hiim Aksland
leiar                                                                          sekretær




 Tillegg:

30.10.14  – ÅRSMØTE

15 medlemmer møtte på dette årsmøtet.

Årsmelding og rekneskap blei lest opp og gjennomgått.  Ingen spesielle merknader til dette.

God heimelaga tomatsuppe ble servert før vi tok fatt på val for ny sesong.

Valnemnda hadde ingen nye å stille med.  Ingen har sagt ja til å ta på seg verv i bygdekvinnelaget.
Som det går fram av årsmøtet frå 07.11.13 sto ingen av styret på val i år.  Og ingen tok attval.

Etter diskusjon kom vi fram til at vi ikkje ynskjer å legge laget ned.  Vi kom fram til at vi kan ta eit pauseår.   Det vil sei at det ikkje er nokon som  er ansvarlege for drift i laget etter dette årsmøtet.  Men det  skal vere mogleg å ta tråden opp og fortsetje drifta seinare.

Valnemnda fekk i oppdrag å innkalle til nytt møte hausten 2015.  Ein må då ta stilling til om Imsland Bygdekvinnelag skal bli avslutta.  Laget blei stifta i 1970.

Avgåande styremedlemmer skal avklare pauseår/nedlegging med Rogaland Bygdekvinnelag.

Vi mimra og koste oss vidare med kaffi og kaker.  Mange gode historiar kom fram etter kjekke turar og samankomster som hadde funne stad gjennom åra.  Olaug hadde gode dikt å lese til oss.

Vi foretok trekking av premiar etter trimturane.  17 personar hadde gått alle  3 turane.
 

  Imsland 01.11.14    Torild Hiim Aksland
                                        sekretær


Det er no utplassert 5 hjartestartarar i Imsland.
Sjå kart over kor dei befinne seg HER
For utskrift

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716