Pengegåve til Bygdahuset frå "Husabø krins"
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Laurdag 27. september var det haustpub på Bygdahuset, og innviing av nyoppussa storsal.
Det blei ein hyggeleg kveld der det blei servert canapear og champagne. Revystjerner frå åtti- og nittitalet var og på plass, og dei hadde ikkje gløymt gamle kunster!
"Skræmmern" var og innom og fekk ført inn nye skremmeinnslag i boka si.
Hallgeir overrakte ei pengegåve på 45.000 kr til Bygdahuset frå Husabø krins. Bakgrunnen for dette er at krinsen har seld gamle skulehuset og tomta på Hyttebø til Tomas Finnvik.
Etter at skulen blei nedlagt på slutten av femtitalet, blei eigedomen overført frå kommunen til krinsen. Huset blei brukt som forsamlingslokale der ein hadde juletrefestar, basarar o.l. Skuleplassen blei og brukt til saueutstillingar, og ein del år fram til midten av nittitalet var det og barneparkering her.
Seinare dabba bruken av skulehuset og skuleplassen av, og dei siste åra blei det kun arrangert ein basar i året for å dekka straum, forsikring o.l. For ca to år si vedtok
årsmøtet at ein skulle selja eigedomen, og Tomas som eig rundt tomta var interessert i å kjøpa. Me vart då samde om å gi ein del av salssummen til Bygdahuset.
Olsokfeiring ved Imslandsjøen
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Tradisjonen tru samla folket ved Imslandsjøen seg til Olsokfeiring i stranda i år også. Vi grilla og åt ved langbord, vi tende bål og kosa oss til seint på kvelden.
I år vart feiringa lagt til fredag før olsok for å få flest mogeleg med.
Sjå bilete frå feiringa som neste år får 25-årsjubileum.
Bilete frå 17. mai feiring i Imsland
- Detaljar
- Skriven av Theodor Imsland
Sidan det er grunnlovsjubileum i år, vil ”Vindetreet” presentera bilete frå 17. mai feiringa i bygdene i kommunen.
Vi etterlyser difor litt eldre bilete frå 17. mai frå dei ulike skule-krinsane i Imsland.
Det vil også vera fint dersom det finst bilete frå feiring av frigjeringsdagen i 1945 eller frå 17. mai i 1945.
Har du bilete, ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 446. Vi lovar rask retur av originalane etter scanning.
Theodor Imsland
Fleire bilete frå Ølmedal Rundt
- Detaljar
- Skriven av Bente
Lars Olav Larsen og staben i Ølmedal Rundt-komiteen har nok ein gong lagt bak seg eit flott arrangement. Det vart ein folkefest - med omlag 1000 gjester som var innom arenaen.
Totalt var det 520 som registrerte seg i mosjonsklassen, medan 71 damer og 121 menn deltok i aktiv klasse. Barneløpet sette ny deltakarrekord, med 99 påmelde.
Mats Marvik kom inn til ein flott 3.plass i barneløpet:
ØLMEDAL RUNDT 2014 har gått av stabelen i dag i strålande sol.
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Barneløp 99 stk.
Damer 71 stk.
Menn 121 stk.
Tur 521 stk.
------------------------------------
Totalt 812 stk.
Styret i Bygdahuset 2021
- Detaljar
- Skriven av Bygdahuset
Leiar: Jarle Nordtveit Åsheim
Nestleiar: Sindre Ramsfjell Skipevåg
Sekretær: Åsmund Holten
Kasserar: Turid Rønnevik
Styremedlem: Egbert Blom
Kontaktinfo: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Kanoar til låns og Partytelt til leige
- Detaljar
- Skriven av 4H
Kanoar til låns: Hauk 4h har tre kanoar som ligg ved Ølmedalsvatnet. Tanken er at alle skal kunne låne desse gratis. Ta kontakt med ein av klubbrådgjevarane Anne Gro, Bodil eller Liv Irene, så får du årer og nøkkel til å løyse kanonen med. Hugs å ta med redningsvest!
Helsing Hauk 4h
Partytelt til leige
Hauk 4h har partytelt, 8 x 5 meter, til leige. Kr. 400,- pr helg. Ta kontakt med ein av klubbrådgjevarane Bodil (99025829) Anne Gro (97147773) Liv Irene (93451863) Helsing Hauk 4h
Imsland i radioprogammet Naturens verden
- Detaljar
- Skriven av Bente
Edvard Imsand er med i radioprogrammet Naturens verden, som var sendt i dag tidleg. Du kan høyra programmet her: http://radio.nrk.no/serie/naturens-verden/dvna02000913/03-03-2013
Edvard er med frå ca 13.35 minutt ut i programmet.