Skip to content

http://www.imsland.info/

Increase font size Decrease font size Default font size
Du er her: Heim
Filmkurs for ungdom PDF Skriv ut E-post
onsdag 01. september 2010 19:04

Vindafjord kommune arrangerer filmkurs i samarbeid med Genesis Film.

Kurset går over to helgar og vert arrangert på Vikedal skule 18. , 19. , 25. og 26. september.

Solveig Arnesen og Skjalg Molvær i Genesis Film er kurshaldarar og målet er å laga ein kortfilm.
Tema: manus, dreiebok, filming og klipping.

Kurset er gratis.

Les meir.

 
Bok i butikk PDF Skriv ut E-post
tysdag 31. august 2010 20:42

I Vindafjord er det sett i gang eit nytt tilbod for å gjera det enklare for oss å låna bøker og anna frå biblioteket. Du kan bestilla via internett, telefon eller e-post og plukka varene opp på Joker i Vikedal.

Tilbodet gjeld og lydbøker, CD-ar, DVD og anna og levering kan skje på samme stad.

Les meir på kommunen sine heimesider.

 
Hjortepub i Imsland PDF Skriv ut E-post
søndag 29. august 2010 21:45

 I oktober vert det Hjortefestival igjen, og ryktene seier at det vert hjortepub i Imsland laurdag 16. oktober med brunstbrøl-tevling og celebert dommarpanel, der mellom andre Elin Tvedt stiller. Merk datoen i kalenderen allerede no og set av helga til fest og moro i Imsland!

Til deg som vil stille i brunstbrøl-konkurransen kan det vera lurt å kike på den flotte filmen Ole Jakob Vaara og Svein Haaland laga i 2007; Hjorten på Haugalandet - Brunst, brøl og blodig alvor.

 

 
Medlemsmøte Hauk 4H PDF Skriv ut E-post
laurdag 28. august 2010 14:37

Det lir mot haust - og det er på tide å byrje planleggjinga av HAUSTFESTEN.

Torsdag 2. september vert det medlemsmøte på bygdahuset. Me startar klokka 18:00 og sluttar av klokka 20:00.

Ta med GODE IDEAR til festprogrammet;-))

Klårt Hovud - varmt Hjerta - flinke Hender - god Helsa

 
Imsland vassverk til kommunen? PDF Skriv ut E-post
onsdag 25. august 2010 16:30

Måndag 30. august skal utval for drift, utvikling og kultur handsame søknad om overføring av Imsland vassverk til kommunen.

Rådmannen rår til at kommunen tek over vassverket frå 1. januar 2011. Du finn saksutgreiinga her.

 
Loppemarknad i Sandeid PDF Skriv ut E-post
onsdag 25. august 2010 16:22

Laurdag 28. august vert det loppemarknad utanfor gamle Sandeid aldersheim. Les meir her.

 
Bruktbua PDF Skriv ut E-post
søndag 22. august 2010 17:37

Ender, hest, marsvin, diablo, køyeseng og barnevogn. Sjekk tilboda på Bruktbua! Ta Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa dersom DU ynskjer å selje/ kjøpe noko.

 
Om hundar og ungar PDF Skriv ut E-post
søndag 22. august 2010 13:14

Aurelija P Hustveit bloggar for Grannar. Klikk her for å lese kva ho meinar om Kristine Koth, hundar, kattar og ungar.


 
Hei korpsjenter og korpsgutar PDF Skriv ut E-post
fredag 20. august 2010 20:24

No er det tid for å blåsa liv i instrumenta igjen. Det vert øving på skulen førstkomande måndag 23. august klokka 15:30.

Nye og "gamle" musikantar er hjarteleg velkomne. Alle frå 3.klasse og oppover kan byrje i korpset.

Hugs: Alle set pris på at du er med å halda liv i korpset i bygda.

Tonehelsing frå Ingrid Marie.

 
Nye førsteklassingar på Imsland Skule
torsdag 19. august 2010 18:37

Her ser me dei 3 nye førsteklassingane som begynte på skulen torsdag 19.august.
Det er Mathias Rønnevik, Torstein Øvregård og Sara Marvik Johansen som har sin fyrste skuledag.
Dette er ein spesiell og fin dag for både elevar, foreldre og lærarar. Dei 2 fyrste dagane har skulen
"mjuk" skulestart, og då får elevane blant anna spikka, padla på Ølmedalsvatnet og laga mat på bålpanna.
Lukke til med skuletida!


Her ynskjer rektor Marita Lindal Haug velkomen.             Ingrid Marie Dale spelar trompet.


Her er elevane saman med kontaktlærar                   Elevane har samla sommarminne i øskjene        
Bodil Imsland.                                                               dei pynta då dei vitja skulen i vår.

 
Snus og bensin PDF Skriv ut E-post
torsdag 19. august 2010 19:00

Pakkers har laga video til låta Snus og bensin. Sjå videoen der Jan Nordtveit har ein av dei leiande rollene.

 
Vevstova på Krosstveit PDF Skriv ut E-post
onsdag 18. august 2010 08:06

I januar 2004 blei det arrangert vevkurs i det gamla skulehuset på Krosstveit. I ettertid har det vore  fast med veving kvar måndag.



Aldersforskjellen er stor; Karoline (bilete) er yngst på 13 år, og Margrete på 82 år er eldst. Og det er slettes ikkje berre Imslandbu som tek turen til vevstova. Her kjem jevnleg folk frå Sauda, Sand, Vikedal og Ilsvåg.

Les meir…
 
<< Start < Førre 1 2 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Kva gjer dei no?

Me slår av ein prat med bygdefolk,
eller utvalde personar som har tilknyting til Imsland.
Send oss gjerne tips om personar du vil høyra meir om.

Del på facebook

Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

Taxi: Lars Marvik
Tlf.    52 76 47 47
mob. 404 02 727

Oppdaterte Fly, ferjetrafikk
og Vegmeldingar

Imslandsrevyen i platestudio på åttitalet.

På åttitalet og eit stykkje inn på nittitalet var revygruppa i Imsland aktive. Ca annakvart år sette dei opp ny revy på Bygdahuset, og andre forsamlingslokale i distriktet.
Revyane var populære og samla fulle hus. I 1988 blei Vindafjordkassetten innspelt. Imslandsrevyen var då i platestudio og spelte inn ein meir lokal variant av "Saudasangen"

Du kan høyra den viss du klikke HER
Fungera det ikkje? Last ned QuickTime Player

Vi har 3 gjestar her no

antal besøk

Artikkelvisningar : 15403

Kalender

<<  September 2010  >>
 m  t  o  t  f  l  s 
    1  3  4  5
  6  7  8101112
131415171819
2022242526
272829   

Været

Imsland
Noreg
Laurdag 04.09.2010
Klårvêrfra sør-sørvest15°C2.4m/s
0.0mm
Søndag 05.09.2010
Klårvêrfra øst16°C0.3m/s
0.0mm
Mandag 06.09.2010
Klårvêrfra sør18°C1.1m/s
0.0mm
Tysdag 07.09.2010
Lettskyafra sørøst20°C5.4m/s
0.0mm
Onsdag 08.09.2010
Klårvêrfra sørøst19°C6.2m/s
0.0mm
Klikk for meir detaljar: yr.no

Rett klokke