Påmelding til styrketrening med Eline
- Detaljar
- Skriven av Bente
Pga bruk av bygdahuset blir det innført betaling for måndagstreninga. Utgiftene blir fordelt og det blir difor bindande påmelding til Eline, mob 94891002.
Treninga vil i første omgang halde på til og med 13.desember, før me tek ein velfortent julepause.
Bli sterkare saman!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det blir tilbod om gruppetrening på bygdahuset måndagar frå klokka 19.45. Treningen varer ca 1 time og består av varierte øvelsar med fokus på styrke. Treningen passar for alle aldrar og kjønn.
Eline Asheim er instruktør og startar opp måndag 18.oktober kl 19.45
Ta med deg ei treningsmatte og ei drikkeflaske og bli med på ei frisk treningsøkt!
Konsert med Håvard Ersland trio
- Detaljar
- Skriven av Nina
Torsdag 14. oktober kjem denne flinke trioen til Sjøperlo Hall i Ølen. Det blir to konsertar,- ein for pensjonistar på dagen og ein for dei andre på kvelden.
Håpar mange tek turen! Du er velkomen!
Sjølvplukk hjå Guri
- Detaljar
- Skriven av Bente
På Hustveit gard i Ølmedal er det no sjølvplukk av amerikanske blåbær. Mykje flotte og gode bær! 60 kr pr kg.
Kontakt Guri Hustveit, mob 97612785
Søndag er det konfirmasjon i Imsland kyrkje
- Detaljar
- Skriven av Bente
Søndag 29. august kl 11.00 skal det vere konfirmasjon i Imsland kyrkje.
Årets konfirmantar er Norma Aartun Imsland, Konstanse Øvregård, Jenny Marvik, Asbjørn og Beate Staurland. Gratulerer med dagen til konfirmantane!!!
Det blir og nattverd og takkoffer til konfirmantarbeidet.
Soknerådet viser til smittevernsreglane og ber deg ta med lapp med navn og telefonnummer. Personar med luftvegssymptom må vere heime. Det er sett grense for antal besøkande.
Jazz, funk, disco og blues på låven på Øvregård
- Detaljar
- Skriven av Bente
Fredag 3.september kl 19.00 blir det musikk og mat på låven på Øvregård. Det blir og muleg å få kjøpt seg noko godt å drikke, både med og utan alkohol.