Korpset søker musikantar!
- Detaljar
- Skriven av Bente
Korpset har hatt den første øvinga dette året, og sjølv om me er få er me ved godt mot Det er snart 3 år sidan sist me spelte, men klarer framleis å få lyd i instrumenta og er innstillte på å spela 17.mai.
«Vardebrenning» for skule og barnehage - Imsland
- Detaljar
- Skriven av Gudrun Margrete Dyrseth
Søndag 20 mars i Kvaløy
Møtes kl 17 ved Matkroken Imsland.
Varde kl 18
Inspirert av ett tydelig sendt signal i Sveio, der de hadde vardebrenning for å markere motstand mot nedleggelse av skoletilbudet, og ett initiativ fra Vats Grendalag ønsker vi i Imsland FAU og Grendautvalet å gjøre det samme.
📌Vi samles utenfor Matkroken kl 17.00 hvor det blir gratis pølser og litt aktivitet for ungene eller de som måtte ønske.
📌Vi går bort til fritidsområdet eller i nærheten for å tenne «Varden» kl 18.00Gjer det til ein kveldsaktivitet saman med familien, så kan både smått og stort kjenne på at dei "brenn" for saka. Vi ønsker å beholde barnehagen og skolen i Imsland!
Har du ikke mulighet til å delta kan det tennes opp i bålpanne el der du har mulighet.
Tilskotsordning, straumstøtte til frivillige organisasjonar
- Detaljar
- Skriven av Bente
Regjeringa har vedtatt ei midlertidig tilskotsordning for frivillige organisasjonar, som følgje av ekstraordinære straumprisar. Søknadsfrist er 15. mars kl. 13.00.
For meir informasjon: https://www.vindafjord.kommune.no/aktuelt/straumstotte-til-frivillige-organisasjonar.487982.aspx
Ta kontakt med kulturadministrasjonen på telefonnummer 53 65 58 50 dersom du har spørsmål.
Folkemøte i Imsland 15.mars
- Detaljar
- Skriven av Bente
Det vert folkemøte på bygdahuset 15.mars kl. 19.00 - 20.30 på kommunedirektøren sitt framlegg til barnehage- og skulebruksplan.
Saka skal opp til politisk handsaming i juni 2022.
Folkemøta blir primært informasjonsmøte, der det blir høve til å stilla spørsmål kring planutkastet. Desse møta vert ikkje rekna som høyringsmøte med referatføring.
Me oppfordrar alle til å møte opp og vise interesse for skulen og barnehagen!
Planframlegget til kommunedirektøren finn du her: Planutkast - Vindafjord kommune
Rapporten frå Norconsult: Rapport og høyringsinnspel 2021 - Vindafjord kommune
Ny fv. Skipavåg - Iglatjørn
- Detaljar
- Skriven av Lars Skipevåg
Rogaland fylkeskommune skal digitalt folkemøte om ny fv. 46 Skipavåg – Iglatjørn 8. mars kl. 17.00.
I tillegg til det digitale folkemøtet, blir det og open kontordag på Imsland bygdahus 11. mars kl. 11.00-17.00.
Her er linken til det digitale møtet: Digitalt folkemøte Skipavåg – Iglatjørn
Meir info om prosjektet finn de på kommunen sine nettsider
https://www.vindafjord.kommune.no/aktuelt/inviterer-til-digitale-folkemote-og-opne-kontordagar.487838.aspx