Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Tradisjonen tru dei siste åra var det duka for loppemarknad på bygdehuset i påskeveka. Det er like spennande kvart år og sjå kor mange lopper me får inn.

Også dette året hadde folk vært i kjellar og på loft og funne fram ting og tang dei ikkje hadde bruk for lenger, men som andre kanskje kunne ha nytte av. Borda på bygdehuset vart i alle fall fylt opp. Og mange kom for å handle. Det var kø utanfor døra då me opna dei kl. 14 onsdag 16. april. Lenge var det fullt på bygdehuset, gode kjøp vart gjort og drøsen gjekk godt over kaffikoppen. Heimebaksten forsvann fort, og det såg ut som små og store koste seg.
Då dagen var omme hadde det minka godt på både loppene og kakene så oppryddingsjobben var enkel.
Tusen takk til alle som kom med lopper, heimebakst, som hjelpte til og som kom på sjølve loppemarknaddagen og handla!

Me har ei tam røy på besøk i dag. Ein del av første timen gjekk med til å finna ut meir om denne fuglen.
Elevane syntest det var spennande, og her var det snakk om å gripa øyeblikket!
Me hadde samtidig besøk av ein katt som måtte "følgjast" heim, -han var litt for interessert i fuglen...

Torstein og MathiasI fjor vår var elevane ved Imsland skule med på ein internasjonal konkurranse som heitte "Pappa'n i de mange land".
Oppgåva var å teikna og skriva om kva som kjenneteiknar ein god pappa, og gjerne få med kva dei sjølv likar å gjera saman med sin eigen pappa.
Bidraga frå Imsland skule vart sende til det internasjonale barnekunstmuseet i Oslo.
Det kom inn heile 2200 bidrag frå born i 23 ulike land!

100 bidrag er nå plukka ut og skal henge på det internasjonale museet ut året. Kronprins Haakon Magnus opna utstillinga i mars i år.
Av desse 100 bidraga kjem to frå Imsland skule!
Torstein Øvregård og Mathias Rønnevik, begge 4.klasse, er dei heldige som nå får sine teikningar med tekst hengjande til allmenn skue i eit heilt år!
Gratulera begge to!!!
Les meir på www.barnekunst.no
Klikk på bilda under for å sjå teikningane.

Lasse og Bente har drifta imsland.info sidan opninga i 2009. Me var innom på sist møte i grendautvalet for å drøfta nettsida (grendautvalet er eigar av nettsida), og dei overraska oss med flotte blomar som takk for innsatsen så langt, noko me sjølvsagt syntest var svært kjekt!

Sjå korleis lese- og skriveopplæringa føregår på Imsland skule: KLIKK HER

Dette er ein metode som vekkjer oppsikt rundt om i skulemiljøa. Og det ser jo utruleg bra og kjekt ut! Tomlane opp for lærarane på Imsland skuleSmile

 

Sidan 6. januar 1917 har me hatt bank i Imsland.  Då starta ein opp Imsland Sognekommunes Sparebank i eit kammers i bedehuset ved Imslandsjøen. Huset har det bibelske namnet Zoar, eit namn som etter kvart har gått i gløymeboka.  Før ein starta opp, hadde banken pussa opp lokalet med papp på veggene, måling og dobbelt golv. Ein hadde og forsterka døra og sett inn ein solid lås. Omn var også på plass. Det kom vel med, for vinteren 1917 var den lengste og kaldaste i manns minne. Isen på Ølmedalsvatnet låg til 20. mai, og Sandsfjorden fraus til . Alle forsyningar til Sand, Sauda, Suldal og Røldal laut i lang tid fraktast over isen med hest og slede like frå Nevøynå.  Vegen frå Imsland til Ropeid var under bygging, det budde sluskar på mange gardar innetter, både norske og svenske.  Dette året var det til og med 1. maitog ved Imslandsjøen, noko som fall mange av samfunnsstøttene i Imsland tungt for brystet.
Dei som møtte innskytarane som kom med sparepengane sine på opningsdagen, var styreformann Theodor Imsland og kasserar Corn. Hustvedt.  Dei fekk eit langt samliv i banken. Etter 27 år som styreformann, slutta Theodor i 1944, Cornelius heldt fram eitt år til.

Soknerådet har lenge hatt lyst til å fjerna den stygge muren som gjekk frå porten og opp til bårehuset. Vi har aldri fått midler til dette prosjektet, og bestemte oss for å prøva å få det gjort på dugnad. Og nå har Hans Ilstad og Edvin Marvik trødd til og fjerna muren for oss.  Heile soknet takkar dokke! Her eit par bilder frå jobben.
Soknerådet


Du kan kjøpa Theodora og/ eller Molly av oss.

Shetlandsponnyen, Kompis, søkjer og ein ny heim.

Kontakt Åse og Oddvar på Haualand.
Tlf: 90867619 / 97090183

I år var det Imsland sin tur til å stella til fest for gullkonfirmantane i Imsland, Vikedal og Sandeid sokn.
Søndag 8. sept. møtte 50-årskonfirmantane til gudsteneste i kyrkja kl 11.00.
Etterpå vart det servert middag med kaffi og kaker på bygdahuset.
Soknepresten leia festen og dei 30 påmelde konfirmantane med følge såg ut til å kosa seg i lag. Klikk på bileta for stor versjon


Soknerådet

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716