Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Komiteen kom saman kl 16.30, og før kaffien kom på kok, kom dei første gjestene for å sikra seg plass. Køen gjekk etterkvart langt bort i kyrkjegata.
Me var så heldige å få ”Belgtøttene” til å spela for oss.  Dei spelte først i garasjen til Theodor og seinare inne i salen. Skikkeleg friske takter!
Hovudlotteriet var på bok, og dei som skreiv hadde ein travel kveld. I tillegg var det to omgangar med åresalg.
Olav Vagle delte fleire bibelord med oss.
Det var ein veldig fin kveld med fullt hus. Folk drøsa og kosa seg og fekk servert kaffi og kaker. Sjå bilete nedafor/her
Me fekk inn 28.000 kr.
Soknerådet vil takka alle som kom med gevinstar til basaren og alle som kjøpte lodd, og ynskjer alle ein fortsatt god sommar!

Det skal vera basar ved Imslandssjøen tysdag 12 juli kl.18. 
Masse flotte gevinstar, andakt, kaker og kaffi, musikk av Belgtøttene.
Alle hjertelig velkommen!!!
 
Viss det er nokon som har gevinstar er me veldig takknemlig for det. Kan leveres til Marita eller Liv H.Imsland innen 11 juli *:) feliz
 
Arr: Soknerådet.

Er det nokon som har ei gammal takke til overs? Då kan du ta kontakt med Anita Øvregård, tlf 97 11 81 77

Dugnad Ørevikvegen 19. mai 2016
Dugnad Ørevikvegen 19. mai 2016

Femten staute kvinner og menn møtte til dugnad på Ørevikvegen i går 19. mai. Dei rydda unna kratt og tre, så nå er vegen open og fin.

Etterpå vart det kaffi og kaker frå Grendautvalet.

Vel blåst Ølmedal Rundt! Eit kjekt og velsmurt arrangement der 770 deltakarar stillte til start i år - mot 766 i fjor. 

Her finn du resultatlista 

Andre pinsedag, 16. mai 2016, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 29. gong på rad, og trekkjer nærmare 1000 trimmarar og aktive løparar til bygda.

 - Det blir ein flott førfest og fin opptakt til 17.mai. Får du med deg løpet 2. pinsedag kan du dobla iskvoten på nasjonaldagen, seier Lars Olav Larsen, leiar av arrangementkomiteen.  

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716