Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


I gudstenesta søndag 31 august vart dei nye konfirmantane presenterte. Klikk på bilda for stor versjon


Gullkonfirmantfesten var i år lagt til Sandeid. Her ser du dei 50-årskonfirmantane frå Imsland som var med.

Laurdag 20. september møtte 4-åringane i kyrkja for trusopplæring og for å bli kjende i kyrkja. Lillian Eikeland stod føre arrangementet og delte også ut ”Mi kyrkjebok” og cd i gudstenesta på søndagen. Her er nokre bilete.

Laurdag 27. september var det haustpub på Bygdahuset, og innviing av nyoppussa storsal.
Det blei ein hyggeleg kveld der det blei servert canapear og champagne. Revystjerner frå åtti- og nittitalet var og på plass, og dei hadde ikkje gløymt gamle kunster!
"Skræmmern" var og innom og fekk ført inn nye skremmeinnslag i boka si.
Hallgeir overrakte ei pengegåve på 45.000 kr til Bygdahuset frå Husabø krins. Bakgrunnen for dette er at krinsen har seld gamle skulehuset og tomta på Hyttebø til Tomas Finnvik.
Etter at skulen blei nedlagt på slutten av femtitalet, blei eigedomen overført frå kommunen til krinsen. Huset blei brukt som forsamlingslokale der ein hadde  juletrefestar, basarar o.l. Skuleplassen blei og brukt til saueutstillingar, og ein del år fram til midten av nittitalet var det og barneparkering her.

Seinare dabba bruken av skulehuset og skuleplassen av, og dei siste åra blei det kun arrangert ein basar i året for å dekka straum, forsikring o.l. For ca to år si vedtok
årsmøtet at ein skulle selja eigedomen, og Tomas som eig rundt tomta var interessert i å kjøpa. Me vart då samde om å gi ein del av salssummen til Bygdahuset.

Er der nokon i Imsland som ynskjer å ta på seg å vera komiteleiar for TV-aksjonen 2014?
Innsamlinga går til Kirkens Nødhjelp og blir arrangert søndag 19. oktober.

Ta kontakt med Turid K. Rønnevik innan 31. august viss du er interessert.
Telefon 99013494.

Tradisjonen tru samla folket ved Imslandsjøen seg til Olsokfeiring  i stranda i år også. Vi grilla og åt ved langbord,  vi tende bål og kosa oss til seint på kvelden.
I år vart feiringa lagt til fredag før olsok for å få flest mogeleg med.

Sjå bilete frå feiringa som neste år får 25-årsjubileum.

Sidan det er grunnlovsjubileum i år, vil ”Vindetreet” presentera bilete frå 17. mai feiringa i bygdene i kommunen.
Vi etterlyser difor litt eldre bilete frå 17. mai frå dei ulike skule-krinsane i Imsland.
Det vil også vera fint dersom det finst bilete frå feiring av frigjeringsdagen i 1945 eller frå 17. mai i 1945.
Har du bilete, ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 446. Vi lovar rask retur av originalane etter scanning.

Theodor Imsland

Lars Olav Larsen og staben i Ølmedal Rundt-komiteen har nok ein gong lagt bak seg eit flott arrangement. Det vart ein folkefest - med omlag 1000 gjester som var innom arenaen. 

Totalt var det 520 som registrerte seg i mosjonsklassen, medan 71 damer og 121 menn deltok i aktiv klasse. Barneløpet sette ny deltakarrekord, med 99 påmelde. 

Mats Marvik kom inn til ein flott 3.plass i barneløpet: 

Barneløp              99 stk.
Damer                 71 stk.
Menn                  121 stk.
Tur                     521 stk.
------------------------------------
Totalt                 812 stk.

RESULTATLISTE 2014

Saman med foreldre og konfirmantar frå dei forrige konfirmantkulla, arrangerte soknerådet fest for konfirmantane på Bygdahuset etter samtalegudstenesta 7. mai.
Her er nokre bilete frå festen.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716