1 10 11 12 13 14 15 16 18 19 2 3 5 7 8 9

Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


I løpet av året skal alle sokn i landet vedta sin eigen grunnordning for gudstenester i soknet

I dei nye reglane er det lagt opp til stor lokal fridom når det gjeld oppbygning av gudstenesta.

Imsland, Vikedal og Sandeid sokneråd vart tidleg samde om at vi bør ha like grunnordningar i dei tre sokna i prestegjeldet.

Difor vart det nedsett eit gudsteneste-utval med to representantar frå kvart sokn. Dei har nå i vår laga eit forslag til lokal grunnordning som sokneråda har slutta seg til.

Men før endeleg vedtak, må den lokale ordninga leggjast fram i eit soknemøte for uttale. For Imsland vil soknemøtet haldast etter gudstenesta 19. august.

Dei vedtaka soknerådet har gjort, er samla i dokumentet "Vedtak om lokal grunnordning". I tillegg er det laga fire ulike gudsteneste-strukturar:

- Høgmesse,

- Familiemesse, forenkla gudsteneste med nattverd,

- Familiegudsteneste, gudsteneste utan nattverd og

- Temagudsteneste, forenkla gudsteneste utan nattverd.

Dokumenta er tilgjengelege ved linkane ovanfor, men er også lagt ut i våpenhuset i kyrkja. Du kan også få eit eksemplar ved å henvenda deg til underteikna, eller ein annan i soknerådet.

Imsland sokneråd.


Det er no utplassert 5 hjartestartarar i Imsland.
Sjå kart over kor dei befinne seg HER
For utskrift

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716