«Ut på tur 2020», Koronatiltak
- Detaljer
- Skrevet av Marit Svandal
Sentrale styresmakter har sendt ut melding om at me ikkje nå skal røre turkassar, turbøker og kodekort. Me oppmodar alle til å bli med på denne dugnaden om ikkje å skrive seg inn i alle dei ulike turbøkene som er utplassert i kommunen.
«Ut på tur 2020» i Vindafjord har difor ikkje lagt bøker i turkassane. Du finn kodeord og TellTur-kode på klistermerke som er plassert utanpå turkassen.
Me oppmodar til å nytta appen Norgeskart friluftsliv til turregistreringa. Appen slår ut på gps-posisjon og registrere turen når du er innan 50 m frå turmålet, og du slepp å bruke kode i det heile. Appen er gratis å bruke.
God tur!
Vindafjord Frivilligsentral
- Detaljer
- Skrevet av Imsland Grendeutval
Då er me allereie midtvegs i januar 2020 – Godt Nytt År til kvar og ein av dykk
Frivilligsentralen er på plass i Sjøperlo, her deler eg kontor med nytilsett Allemed-koordinator Barbro Ringstad.
Eg registrerar stor etterspurnad når det gjeld frivillige til mange ulike føremål. Heldigvis kjem det stadig fleire til, som både har tid og lyst til å gjera ein skilnad i andre menneske sine liv. Det er allikevel plass til fleire. Eg brukar frivillig.no til publisering av frivillige oppgåver, dette er eit godt verktøy for å nå ut til folk.
Litt av tilboda/aktivitetane som rører seg:
Dåp og konfirmantbibel
- Detaljer
- Skrevet av Bente


Populær måndagstur
- Detaljer
- Skrevet av Bente
Damer i alle aldrar møtest kvar måndag kl 11 og går på tur. Dei har med seg kaffi og niste og kosar seg ilag. Alle som vil kan bli med, og antalet aukar litt for kvar gong. I dag var dei 23 stk som gjekk Ørevikveien og sjøvegen til Kvaløy. Neste måndag går dei Berget til Djupadalen. Oppmøte kl 11.00 på stasjonen i Imsland.
For meir informasjon: ta kontakt med Marit Svandal, mob 959 70 242.
Soknerådet 2019 - 2023:
- Detaljer
- Skrevet av Bente
Leiar: Jolaug Kaldheim
Nestleiar: Liv Hoff Imsland
Kasserar: Steinar Åsheim
Fellesrådet: Åse Vigdis Rønnevik
Lars Berge Rønnevik
Soknepresten Tsegayesus
Sekretær: Marita Kvitno Staurland
Varamedlem: Anette Klungtveit
Leiar for konfirmant fotogrupper: Jan Nortveit
Hausttakkegudsteneste
- Detaljer
- Skrevet av Bente
Soknepresten Tsegayesus fortel om den bamhjertige samaritanen
Utdeling av 4- og 6-årsbok til Siri Ilstad, Adrian Rønnevik, Nora Haugland og Svein Adrian Skibevåg
Tekst og foto: Jolaug Kaldheim
Årsmøte i bygdekvinnelaget
- Detaljer
- Skrevet av Bente
Velkommen til årsmøte for Imsland bygdekvinnelag 28.oktober kl 19.30, på bygdahuset.
I tillegg til val og årsmøtesaker serverer me kyllingsuppe, focaccia, kaffi og kake – og me får besøk av Morten som skal fortelje om Romania Aid.
Velkommen!