Anita tok med seg lidenskapen til akvariefisk då ho flytte til Imsland. I Haugesund hadde ho 10 akvarier på det mesta. No har ho og Tore laga fiskedammar i gardstunet på Øygarden.

 

 
  - Når eg skal slappa av tek eg gjerne med meg kaffikoppen og set meg her ved dammen, seier Anita.


Her har dei laga ein idyllisk plass med to fiskedammar og vatn som sildrar i den steinsette bekken som går mellom dammane. Her er hagebord og stolar, små plattingar, det går ei lita trebru over dammen og det er planter i krukker og bed.

Anita kjenner dei 20 fiskane som søm rundt i dammane. - Dei er individ, akkurat slik sauene og kyrne er det, seier ho. For tida har ho to sortar: Koi og gullfisk (Carascius carpio og carascius autatus). - Men eg har ikkje namn på dei altså, seier Anita.

Kunne du hatt aure i denne dammen?

- Ja, i den største dammen her ville nok auren kunne klara seg fint.

Kva treng ein egentleg for å lage eit slikt anlegg?

- Eit hol i bakken (gravemaskin er kjekt), damfolie, ei god pumpe, filter, planter og fisk. Litt pengar og arbeidslyst kjem og godt med.

Er det vanskeleg å få til?

- Nei, men ein bør vere litt nøye med grunnarbeidet. Etter at ein har grave hol i bakken bør det leggjast sand og fiberduk før damfolien vert lagt oppå. - Me brukte storsekker og gamle presenningar, og det fungerer heilt fint, seier Anita. 

- Når ein skal leggje folien er det ein fordel at det er ein varm dag, og gjerne solskin. Då vert folien mjuk og medgjerleg og det lettar arbeidet mykje. Det er og viktig å vatre av dammen før du startar å fylle vatn i. Og så må det ikkje vera skarpe kantar som kan stikke hol på folien.

- Vår folie er 6 x 10 meter. Utstyr og fisk har me kjøpt på Tysvær Zoo.

Kor kjem vatnet frå. Må ein ha rennande vatn gjennom hagen?

- Nei. Me fyller i med hageslangen, og så går vatnet i eit lukka system. Vatnet vert reinsa ved hjelp av filter.

- Filteret me har i dag har tre svampar og ein spesiell type stein som skal vere med på å halde vatnet reint. Det som er den største utfordringa er oppblomstring av algar. Svevealgar er dei mest vanlege, og det er dei som gjer at vatnet kan bli grønt.  Difor er det viktig med god balanse i dammen. Då meinar eg at antall fisk, mengde planter og storleik på dammen må harmonere. Då får du eit fungerande økosystem. Me har no skaffa oss eit filter med UV-lys som skal installerast til våren. Det er eit filter som får algane til å klumpe seg og døy, og dei vert så samla i filteret og fjerna.

Kva skjer om vinteren – det frys vel til?

- Nei, sirkulasjon i vatnet gjer at det er frostfritt og fiskane kan vanlegvis overvintre ute. Vinteren i fjor var kald og lang og det vart ein påkjenning for fiskane. Fleire døydde på grunn av dårleg vasskvalitet på grunn av mykje snø. Denne vinteren tek eg ingen sjansar, fiskane skal få overvintra innomhus.  

- Elles likar eg likar hagar med mange små sitjeplassar. Ein bør ha sjansen til å flytte seg etter som sola varierer, og så er det kjekt å kunne finne ein plass i ly for vinden. Slike detaljar gjer og at hagen vert meir spennande.

Anita deler gjerne erfaringane sine og seier at det er fritt fram å ta kontakt dersom nokon har lyst å høyra meir om korleis dei skal gå fram for å lage hagedam.
Ta turen - du er velkommen inn på tunet, seier Anita.

 

Foto: Elisabeth Staurland

Anita Øvregård, tlf 971 18 177

 

 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716