Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Kanoar til låns: Hauk 4h har tre kanoar som ligg ved Ølmedalsvatnet. Tanken er at alle skal kunne låne desse gratis. Ta kontakt med ein av klubbrådgjevarane Anne Gro, Bodil eller Liv Irene, så får du årer og nøkkel til å løyse kanonen med. Hugs å ta med redningsvest!
Helsing Hauk 4h

 

 

Partytelt til leige
Hauk 4h har partytelt, 8 x 5 meter, til leige. Kr. 400,- pr helg.  Ta kontakt med ein av klubbrådgjevarane Bodil (99025829) Anne Gro (97147773) Liv Irene (93451863) Helsing Hauk 4h

Fredag 18.januar skal det vera medlemsmøte.
Me startar klokka 18:00.
Dei som har lyst kan overnatte i gymsalen.
Liv Irene skal sove saman med dykk og
Anne Gro skal vera nattevakt.

Dei som ikkje har lyst til å overnatte,
kan vera med oss til klokka 23:00.

Det skal vera ro i sovesalen frå klokka 24:00. Viss du ikkje er trøtt – men har lyst å sitje og prate rolig eller spela eit spel – kan du sitje i salen oppe til klokka er 02:00-03:00. Men då må du liste deg ned i soveposen slik at du ikkje vekkjer dei andre!

Siste frist for å velje oppgåve er denne kvelden. Dei som skal ha eige prosjekt/fritt val, må  søke om å få dette godkjent etter at dei har fått boka, men i god tid før 1.april då avtale og plan skal vera ferdig.

Ta med deg forkle, og ein hårstrikk viss du har langt hår. Me deler oss i grupper og lagar eit festmåltid me skal nyte i lag! Det blir også konkurranse: «Vinn på minuttet» og leikar.
Viss du vil overnatte må du ta med liggjeunderlag/ madrass og sovepose/ dyne og ellers det du treng sjølv! Me handlar inn til felles måltid fredag kveld og laurdag morgon. Det er lov å ta med litt knask. Dersom du har eit kjekt brettspel så ta det med!

Laurdag startar me dagen med morgontrim og felles frukost.
Me sluttar av klokka 11:00 laurdag. Då håpar me at ein av foreldra til Kamilla/Madelen, Johannes/Hanna Elisabeth og Anja kan koma og vaska etter oss.

Velkommen!!!
Helsing styret og klubbrådgjevarane
Du kan laste ned årsplan 2013 her

Er du komen i gong med oppgåva di?

Avtale og plan må du skriva i laupet av mars månad. Lever deretter oppgåveheftet ditt til Bodil for godkjenning.

Frist for å levere oppgåvehefte: 1.april.

Har du bestemt deg for 4H-oppgåve til neste år???

Siste frist for å velja oppgåve er 10.januar!!

Gi beskjed om oppgåvevalet ditt til ein av klubbrådgjevarane:
Anita 97118177
Anne Gro 97147773
Bodil 99025829

Nå ligg årsplanen for 2012 ute på nett. Print den ut og heng den på kjøleskåpet ditt! Så kryssar me fingrane for endå eit kjekt 4H-år med mange spennande aktivitetar!

Helsing klubbrådgjevarane{#emotions_dlg.cool}

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716