Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Torsdag hadde 4H-gjengen julemøte i barnehagen. Me lagde marsipangodterier, hadde besøk av ein artig, gammal nisse og hjelpenisseassistent Hussain og me leita etter mandel i grauten. Heldige Leiv Vidar!
No tek Hauk juleferie. God jul alle! Me møtest igjen i januar.

 

 

Torsdag 3. desember vert det grautfest og julemøte for 4H-gjengen.

Me skal lage lekkert marsipangodteri, syngje julesongar, ete graut og leite etter mandel, kanskje kjem det einkvan på besøk?

Møt i barnehagen klokka 18:00. Me satsar på å avslutte klokka 20:00.

Fem spreke jenter skal styre 4H i 2010:

 

Onsdag 11. november er det årsmøte i 4H.

Me startar kl 18:00 og reknar med å avslutta ca kl 20:00.

Alle medlemmer, også eventuelle nye, er velkomne til å vera med! Kanskje du har lyst til å sjå korleis me har det i 4H?

Eventuelle saker kan meldast til Bjørn Tore eller klubbrådgjevarane.
Det er komme framlegg om å nytte overskotet frå fylkesleiren til det nye allrommet på Bygdahuset. Kva meinar du om det?

Det skal vera styremøte i Hauk 4H onsdag 4. november klokka 18:00 på Bygdahuset.
Styret og klubbrådgjevarane møter.

Me skal planleggja ÅRSMØTET, som skal haldast onsdag 11. november.

Sei ifrå til Hege, tlf 93 21 80 16, dersom du ikkje kan komma.

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716