Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Fredag 18.januar skal det vera medlemsmøte.
Me startar klokka 18:00.
Dei som har lyst kan overnatte i gymsalen.
Liv Irene skal sove saman med dykk og
Anne Gro skal vera nattevakt.

Dei som ikkje har lyst til å overnatte,
kan vera med oss til klokka 23:00.

Det skal vera ro i sovesalen frå klokka 24:00. Viss du ikkje er trøtt – men har lyst å sitje og prate rolig eller spela eit spel – kan du sitje i salen oppe til klokka er 02:00-03:00. Men då må du liste deg ned i soveposen slik at du ikkje vekkjer dei andre!

Siste frist for å velje oppgåve er denne kvelden. Dei som skal ha eige prosjekt/fritt val, må  søke om å få dette godkjent etter at dei har fått boka, men i god tid før 1.april då avtale og plan skal vera ferdig.

Ta med deg forkle, og ein hårstrikk viss du har langt hår. Me deler oss i grupper og lagar eit festmåltid me skal nyte i lag! Det blir også konkurranse: «Vinn på minuttet» og leikar.
Viss du vil overnatte må du ta med liggjeunderlag/ madrass og sovepose/ dyne og ellers det du treng sjølv! Me handlar inn til felles måltid fredag kveld og laurdag morgon. Det er lov å ta med litt knask. Dersom du har eit kjekt brettspel så ta det med!

Laurdag startar me dagen med morgontrim og felles frukost.
Me sluttar av klokka 11:00 laurdag. Då håpar me at ein av foreldra til Kamilla/Madelen, Johannes/Hanna Elisabeth og Anja kan koma og vaska etter oss.

Velkommen!!!
Helsing styret og klubbrådgjevarane
Du kan laste ned årsplan 2013 her

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716