Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Det verkar som om ho er med på alt som går føre seg i Imsland. Ho går fram med smittande engasjement og eitt breitt smil. Når ein ser på firebarnsmora Gro Anita Aartun Imsland, tenkjer ein ofte - koss i alle dagar får ho det til? Kva er den løynde kjelda til energien hennar? Med dette startar me ein prat med denne fargerike dama.

Du er ei svært opptatt dame! Entusiasmen din og drivkrafta er imponerande. Utanom å vera mamma til fire flotte ungar og jobben, finn du tid til å lesa ei bok, å setja i gang gymleik for to aldersgrupper, jogga, sykla til Sauda og tilbake, strikka og andre ting eg ikkje veit om. Kor henta du energien frå?

- Hehehe, ungane gir meg energi!!

Kva er hemmelegheita?

- Det er viktig å gjera ting som er kjekt, det gir energi! Eg hentar både krefter og godt humør med å ta meg ein joggetur! Elles ser eg ikkje på tv, det er ein stor tidstjuv for mange!

Kan du fortelja kor er det du kjem frå?

- Eg er frå Sauda, så det er ikkje så langt ”heim t na mor ”.

Korleis kom du til Imsland?

- Eg trefte verdas kjekkaste mann og han var frå Imsland og Imsland er jo ein flott plass, så me bestemte oss for at her vil me bu. Men me budde ca. 5år i Stavanger før me flytta til Imsland. Det var kjekt å prøve bylivet, og sjå kva me ikkje går glipp av.

Har du slekt her?

- Eg har ”røter” frå Imsland. Både mormor mi Norma og morfaren min Ola var frå Imsland.

Visste du om dette før du flytta til Imsland?

- Ja, det visste eg! Mor mi har fortalt at hu var mye på ferie i Imsland då hu var lita.

Ei stund jobba du som lærarvikar ved Imsland skule. Blant ungane fekk du rykte som ein god lærar. Likte du lærarjobben?

- Å få vera lærarvikar ved Imsland skule var heilt topp, fantastiske ungar! Eg vil satsa på å bli lærar i mitt neste liv.

Er du nøgd med jobben du har no?

- Ja, eg er nøgd med jobben min no og, som ingeniør innan vatn og avløp. Det er eit spennande yrke med stadig nye utfordringar. Eg er og heldig som har privatkonsulent, sidan Tore, mannen min, og jobbar med vatn.

Eg veit du likar å lesa. Kva ser du etter når du skal velja deg ei bok?

- Eg likar bøker med menneskeskildringar og som samtidig kan lære meg noko. Ein blir liksom kjend med nye personar gjennom bøker! Viss eg kan få anbefala ei bok så er det Øya av Viktoria Hislop. Den er verdt å lesa! Elles er eg nettopp ferdig med Drømmehjerte av Cecilia Samartin. God den og ...

Har du kanskje nye spennande prosjekt eller hobby i tankane?

- Nytt spennande prosjekt må vera at eg nå går inn i 4H som klubbrådgivar. Det kan bli spennande. 4H er ei sosial aktivitet for ungane i Imsland og me har over 30 medlemar!


Gro Anita Aartun Imsland - bur på Bjortveit i Imsland, er gift med Tore Imsland og har fire ungar. Tilsett i Vindafjord kommune som vatn- og avløpsingeniør.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716