Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Datoen var 6. juli, veret var storveges og treffet makelaust vellukka.
Det var Jon Rønnevik som hadde ideen, og som saman med brør og foreldre fekk treffet i stand.
Ei av årsakene til at det vart halde nå, var at Leiv Rønnevik rundar år i alle næraste framtid. Ein heldt til i den nye storstova til Lars Berge.
Treffet var slett ikkje for kven som helst. Forutan å vera mann, måtte du ha runda dei sytti, og gått på skulen på Hyttebøen.
14 mann vart me kring langbordet, og stemninga var god og drøset høglydt. Ein hadde meir enn rikeleg å mimra rundt. Gamle bilete frå skulen, var også eit godt utgangspunkt for mange grundige samtalar. ”Kin kan de vara?”
Serveringa var i god og gamal tradisjon: Rømmegraut og spekemat, dravle, lefse og lappar, og til slutt fløytekake.  
Som siste post på programmet synte Lars B Skipevåg gamle bilete frå Vindastrånnå, då var klokka blitt elleve. Ein hadde halde det gåande i seks stive timar, og framleis var mykje udrøst.

Klikk på bileta for full storleik.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716