Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Tursesongen er i gang og Bygdekvinnelaget har også dette året lagt ut "Nutaturar" for oss. God tur ut!

1. TJUVAHOLA  Turstart frå Akslandstunnelen ved Odd Bjørnsen. Her går me på skogsveg og sti opp til Skolleskar.  Turen er merka med plastremser.   Me kan velje å gå  om Akslandsstølen eller ned Vasstølbakkene.  Her kan me sjå Vasstølvatnet.  Så går me Brautavegen inn til Støladalselva. Denne elva følgjer vi helt inn til brua.  Me går innom Myrstøl.  Om du finn kong Håkon 7 sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, treng du ikkje vere i tvil om at du er på rett veg.  Det er mykje myr ved Myrstøl, så her er det lett å bli våt. 

Så går me vidare langs elva (Fossalia)  til brua. Over brua følgjer vi elva vidare oppover, ja til og med litt ned i elvebredda. Me finn kanskje nokre fine steinar.  Så møter me Krokavassbekken, her går me bekkekanten opp til hytta til Liv og Edvard.  Nyt freden, stilla og nistepakken. 

Derifrå er det bare ein liten tur opp til den mystiske Tjuvahola, der kassen ligg.  Går me opp på høgda over får me ein god utsikt.

Heimturen kan gå same veg tilbake eller forsette på umerka sti på

yttersida av Rosetjødn og på innsida av Krokvatn.  Så framom Krokstøl, Fatet, Sølvvoll, Brekka og ned til øvre Haugaland.

Rundt  2 timar opp.

 2. STJØDNAFJELLET

Merka løype frå Krutle ved Børkjelandsvatnet.  Gå frå garden langs vatnet og følg skogsvegen.  Vidare merka løype over skog og hei.  Fin utsikt over Krossfjorden når du kjem fram.  150-200 moh.    Lett løype ca 1, 5 time t/r.

3. ULVAVOLDSVATNET

269 moh.  Merka løype frå  Ilstveit, garden øvst i Ølmedalen.   Rundt 1,5 t/r.  Kassen er plassert  på stranda i øvre enden,  saman med ”kommunekassen”.  Herfrå kan du fylgje merka kommunetur ned til Låkafosssen i Vikedal om du vil,  1 liten time ned dit.   Eller du kan gå rundt vatnet,  bade og kose deg før du går ned til Ilstveit att.                       

Alle turane har boks med navnebok.  Det blir trekt ein premie i kvar bok.  I tillegg trekkes premier  til dei som har gått alle turane.

Vis naturvet og ta omsyn til grunneigerar og deira dyr.  Lukk grindar og le og hugs bandtvang.  GOD TUR med mottoet: UT PÅ TUR-ALDRI SUR

Helsing Imsland Bygdekvinnelag

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716