Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Imsland Handelslag har blitt Coop Marked Imsland, men er framleis ein sjølvstendig butikk.

 

1. september 1921 kunne handelsstyraren, Henrik Nygaard, stilla seg bak disken i den vesle krambua på Kvaløyberget og ta imot dei første kundane.
Før ein kom så langt hadde det vore mykje førebuingsarbeid. Plasseringa var ei viktig sak, og Kvaløy låg ikkje særleg lagleg til, anna enn for kvaløybuane og dei som for sjøvegen.  Folket i Ølmedalskrinsen var vane å handla ved Imslandsjøen, og såg helst at laget heldt til der. Her var det og kai og båtsamband, telefon og post. 

Handelslaget fekk og tilbod om å kjøpa forretninga til K B Askvik ved Imslandsjøen. Handelslaget baud 35000 kroner, men tapte i konkurransen.  Så vart det gjort endeleg  vedtak om å starta i Kvaløy. 28 medlemer var det i laget, kvar av dei hadde betalt 30 kroner i innmeldingspengar og dessutan garantert for eit lån på 300 kroner.

 

Tungvint den første tida.
Riksvegen var på plass, men det var ikkje skikkeleg kjøreveg ned til Kvaløyberget, ein hadde ikkje telefon, og  båt berre to gonger i veka. Rekneskapen for 1921 vart likevel gjort opp med eit overskot på kr 154,35. Til samanlikning var styrarløna 150 kroner månaden. Sidan gjekk det framover, men omsetninga var ikkje særleg stor etter våre mål.  I fleire av dei første åra låg ho på 50 000 - 80 000 kroner. Ein dreiv elles ikkje berre med sal til medlemene, ein tok også imot varer dei hadde å selja, og omsette dei vidare.  I førstninga  var nok ”bondesmør”den viktigaste vara. Ein tok og imot egg, frukt og bær, ikkje minst skogsbær, som mange henta og selde.

Bygging i trettiåra.
I 1934 bygde ein ny lagerbygning. Han var i to etasjar, varene som skulle lagrast på lemmen, laut ein anten bera opp trappa, eller heisa dei med ”sjøhusvinda”. Til å handtera sekkevarer i første høgda hadde ein berre sekketraller å hjelpa seg med.   Den gamle krambua blei og etter kvart for lita, vareutvalet vart større, og medlemstalet auka. Eit samrøystes  årsmøte i 1939 vedtok nybygg, og i februar 1940 stod det ferdig. Men ein månads tid seinare kom krigen, det vart knapt med varer, rasjonering og vanskelege tider.

Fleire medlemer og utsal i Ølmedal.
I krigstida vart det mangel på det meste, men Knut Gjærde, som var styrar i denne tida ,var ein meister i å få tak i varer.  Eit bra vareutval lokka til seg mange nye medlemer, særleg frå Ølmedal. Ein filial kom etter kvart på tale, og i 1948 tilbaud Oskar  Aksland  å stå føre utsal i Ølmedal . Han skulle byggja nytt hus ved vegen på Sigleskard, og om Handelslaget fann det interessant, ville han reia inn første høgda til butikk.  I 1948 gjorde eit samrøystes årsmøte  vedtak om å starta utsal i nybygget hans. Her heldt ein så til i om lag 20 år, fram til  ein bygde nytt.

Dei siste førti  åra.
Jubileumsskriftet  som vart laga då Handelslaget i 1971 fylte 50 år, fortel  i hovudsak om samrøystes vedtak og jamn framgang. Sidan har laget tidvis segla i uroleg farvatn. På einskilde årsmøte har motsetningane vore sterke, og temperaturen høg.  Leiinga fann etter kvart ut at det var vanskeleg å  få til ei økonomisk forsvarleg drift  med  to butikkar. Men det var sterkt delte meiningar om kvar ein skulle leggja ned, både i styret og mellom folk flest.  Kvaløy drog det lengste strået, men avgjerda fall mange tungt for brystet. Handelslekasjen auka sterkt etter nedlegginga i Ølmedal.  Likevel  går drifta med overskot, så det ser ut for at me framleis får ha butikk i bygda. 

Tekst: Tomas Finnvik

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716