Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Gruppa IceBreakers gjorde eit svært godt inntrykk under ungdommens kulturmønstring, UKM, som gjekk av stabelen fredag 5. februar. Dei unge musikarane hadde valgt ein skikkeleg klassikar og det svinga i salen då dei drog i gang Queen sin legendariske Bohemian Rhapsody. 


Nær 60 ungdommar deltok i mønstringa, og ein bortimot fullsett sal på Ølen samfunnshus fekk oppleva ein storarta konsert.  

IceBreakers består av 6 medlemar frå Vikedal, Imsland og Sandeid; Even Opsal på trommer, Henning Nordtveit spelar sologitar og bass, Håvard Ersland spelar piano, gitar og bass, Kajetan Waskiewicz spelar gitar og bass, Nelly Beate Vestbø er vokalist og Jarle Nordtveit Åsheim spelar gitar og bass.

Kvifor valde de Bohemian Rhapsody?
- Det er ein enormt bra song, den er kåra til nr 1 på Topp 1000-lista til Radio Noreg. Me vert inspirert av Queen, og foreldra våre likar den og! Me tileignar den til våre kjære foreldre og til Torgeir Eidhammer.

Torgeir Eidhammer?
- Ja – han hjalp oss mykje då me starta å spele ilag. Han er rektor på skulen vår og han likar Queen.

Kven er sjef i bandet?

- Even, svarar alle først. Men så hentar dei seg inn og seier at alle sjefar litt.

Ynskjer de spelejobbar?
- JA! – og kanskje ein sponsor eller to.

Kven skal me då kontakte?
- Samma det. Ein av oss.

Kva tykkjer de om nivået på UKM?

- Det er enormt bra.

Kjem de til å gå vidare?
- Njaaa. Me vågar ikkje tru det. Nokre har skrive songar sjølve. Det er eit pluss. Og så er det mange bra her. Men me håpar!

Me har dessverre ikkje lydopptak frå IceBreakers sin opptreden på UKM, men du kan høyra Queen spela Bohemian Rhapsody live her.  

Besøk facebook-sida og bli fan av IceBreakers.


Styling før opptreden


Nelly Beate, Henning og Jarle


Jarle, Håvard, Even, Henning, Nelly Beate, Kajethan


Fan-klubben 1


Fan-klubben 2


Og etter at denne artikkelen vart publisert var juryen klar med vurderinga. Dessverre vart det ikkje fylkesfinale på våre lokale heltar i år. Men takk til IceBreakers for flott opptreden, -og lat oss endeleg håpe me får høyre meir til gruppa i tida framover.

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa:
Kristiane Bråtveit Ekrheim(sang): Showstopper
Goldrush: The Big Red Cloud, deltakere: Andre Husoft Nesheim, Mathias Vik Vestly, Vebjrn Halvfjervik Vestly
Berge Ohm, (sang og akk. gitar): The man who can`t be moved
Habiba: Im walking on sunshine, deltakere: Nomi Otelie Bang Bakkevold, Serina Nielsen ( sang)
Utstilling: Malin Therese Tufte Øye, (foto), tittel "Skyes"


Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716