Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


2 representantar frå Imsland Grendautval har vore på møte på Bjoa. Her snakka dei om korleis ein kan auke folketalet i bygdene, Imsland, Bjoa og Vikebygd.

Fleire tema vert nemnde at ein kan arbeida vidare med. Ein treng difor 2 representantar frå kvar av desse bygdene til å arbeida vidare med dette målet.

Kvar bygd har sine utfordringar, men alle desse 3 bygdene saman kan hjelpe kvarandre til å nå målet. Ein skal difor lage eit styre som arbeidar med dette, 2 representantar frå kvar bygd.

Er du eller veit du om nokon som kunne vore den rette personen til å arbeide med dette saman med gode representantar frå Vikedbygd og Bjoa?
Ta kontakt med Monika Vanvik (leiar i Imsland Grendautval) dersom du veit om nokon eller er interessert sjølv.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716