Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Til soknerådet i Imsland skal det veljast 6 medlemer og 5 varamedlemer, dvs. at lista skal innehalda minst 11 personar. Det har ikkje lukkast  nominasjonskomiteen å finna meir enn 7 som er viljuge til å stå på lista. Desse er i prioritert rekkefølgje:

  1. MARITA KVITNO STAURLAND, f. 1978
  2. JOLAUG SÆLE KALDHEIM, f. 1962
  3. LIV HOFF IMSLAND, f. 1949
  4. STEINAR ÅSHEIM, f. 1965
  5. ANETTE KLUNGTVEIT, f. 1990
  6. ÅSE VIGDIS RØNNEVIK, f. 1973
  7. LARS BERGE RØNNEVIK, f. 1966

I følgje valreglane kan kvar veljar føra opp inntil tre ekstra valbare personar på lista si. Nominasjonskomiteen vil difor oppfordra veljarane om å nytta seg av denne regelen, slik at Imsland får det fastsette talet varamedlemer. Det er svært liten sjanse for at desse ekstra personane får fleire stemmer enn dei som alt står på lista, slik at dei i praksis berre kan bli valde som vara.
Dei som blir valde på denne måten, kan be seg friteken dersom dei er over 65 år, har site i soknerådet siste perioden, eller har ein annan grunn som soknerådet godtek. Ein må evt. be om fritak innan tre dagar etter at ein har fått vita at ein er vald.

 Nominasjonskomiteen i Imsland sokn.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716