Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Soknerådet har hatt fem møter og har handsama 23 saker i 2018. Me har ein representant i Vindafjord kyrkjelege fellesråd, ein i felles utval for trusopplæring (FUT), to representantar i diakoni utval, og ein i lokal trusopplæringsutval for Imsland, Vikedal og Sandeid.

Vårsemesteret hadde 4 konfirmantar. Dei samla inn pengar til Kirkens nødhjelps fasteaksjon. Resultatet vart 5092 kr. Det var felles samtalegudsteneste for konfirmantane i Vikedal kyrkje. Dette året vart det arrangert to konfirmant leirar til Eintveit i Åkrafjorden. Vårsemesteret og for dei påmeldte konfirmantane i haust.
1.påskedag hadde me den tradisjonelle gudstenesta saman med Frelsesarmeen, etterfylgd av ein flott kveldsmat på bedehuset. Det vart arrangert felles gudsteneste for heile kommunen Kristi Himmelfartsdag 10.mai, Sauda mannskor var med å sang, etterfylgd av grilling utanfor bedehuset og Lars Erik Tjeldflåt hadde kåseri.
Trusopplærar Berit Stople hadde 4 års samling i kyrkja laurdagen før gudstenesta med utdeling av bok. Utdeling av biblar til 11-åringar. Lys vaken for 5 og 6 klassingane vart ikkje arrangert pga ingen påmeldte.
Lysmessa var felles for alle 3 sokna, med fakkeltog fra bygdahuset som alle 19 konfirmantar deltok i. Det vart servert kakao, gløgg og pepperkaker utanfor bedehuset (i garasjen til Teodor) før lysmessa starta.
Det vart halde gudsteneste for skulen før jul.
På gudstenesta julafta møtte det opp 74 personar.
Det vart halde avskjeds-gudsteneste for sokneprest Harald Eintveit 30.des.i Vikedal kyrkje, med fest etterpå på bygdahuset.
Arbeid som er utført på Imsland kyrkjegard: gjerdet vart skifta rundt parkeringsplassen og kyrkja vart malt.
Bedehuset har vore i bruk for minnestunder, konfirmasjonsfest, møteveke, soknerådsmøter og basar. Overskot på basaren vart 22144 kr.
I takkoffer har det i år kome inn 21030 kr.

Litt statistikk:
Døypte: 6
Gravferder: 8
Vigslar: 0
Konfirmantar: 4
Gudstenester: 20
Gjennomsnittleg tal deltakarar:38

Soknerådet vil takka tilsette og frivillige for eit godt arbeid og triveleg samarbeid i året 2018. 

Jolaug Sæle Kaldheim, leiar
Berit Karin Haugland, nestleiar
Marita Kvitno Staurland, sekretær
Sigmund Espevold, kasserar
Liv Hoff Imsland, medlem til fellesrådet 
Siv Helen Olsen, varamedlem til fellesrådet
Hans Ilstad, varamedlem

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716