Imsland båtforening driv båthamna i Kvaløy og melder no at dei i lengre tid har vore plaga med hærverk og steling. Brannslukkingsapparat har vorte tømde på parkerte bilar, luft tappa or bildekk, påhengsmotorar har vorte stolne og fleire har funne båten tømt for bensin.  Det er og meldt om at fortøyingar er kutta og ramponering av motorar.

- Hærverket har pågått over lang tid og me vurderer no å kontakte politiet, seier leiaren i båtforeninga, Sigmund Espevoll.

Båtforeningen er interesserte i tips og dersom du har lagt merke til noko spesielt kan du ringje Sigmund Espevoll på tlf 900 20 394 eller e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

.
FaceBook

På venterommet på ferjekaien på Ropeid kan du no korte ventetida med å lese bøker av Ingvar Ambjørnsen, Arnt Birkedal, Maria Liabø og mange, mange fleire. To hyller fulle av bøker står no klare og ventar på at reisande og andre forbifarande skal ta dei i bruk.

 

.
FaceBook

Helge Hummervoll og Bård Ersland spelar fotball på Ølen G14. I helga gjekk dei til topps i Etnecup. I finalen søndag ettermiddag slo dei Etne 5-1 og gjorde klart at dei er det beste laget i distriktet! Iallefall blant dei som deltok på Etnecup. Laget består av spelarar frå Imsland, Vikedal, Sandeid og Ølen.

Laget har tre svært engasjerte trenarar frå Sandeid; Svein Helge Lærdal, Toralf Stople og Ivar Tokheim, i tillegg til at oppmannen Synnøve Matre er ein viktig inspirator.Neste utfordring er Norway Cup i august.

Les meir i Grannar.

.
FaceBook

Åsa Mo, Anne og Margunn Birkeland trommar årleg saman til sommarleg vennetreff i Stavanger. Fastbuande og utflytta Imslandsdamer møttest laurdag for fjerde året på rad på restaurant Tango, der damene vert servert lekre rettar med tilhøyrande sprudlande drikke.

Frå venstre: Elsa Ersland, Bodil Imsland, Bjørghild Imsland, Ellen Mo, Margunn Birkeland, Gunvor Svandal, Reidun Staurland, Turid Rønnevik, Randi Hesby, Anne Birkeland, Linda Nordtveit og Elisabeth Staurland.  Åsa Mo og Bente Kjos-Wenjum er ikkje med på biletet.

.
FaceBook

Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen er klare for premiere
torsdag 17. juni klokka 19:00 på Bygdahuset i Imsland.

Det er elevane ved Imsland skule som set opp syngjespelet,
som er i 2 akter.
Her er både skodespel, rapping, kor- og solosong, i tillegg til 
instrumentale innslag og meir.

Sikre kjelder fortel redaksjonen at dette vert ei svært flott 
framsyning, og at førestellinga har alt: spenning, venskap, krig, 
redsle, glede og heldigvis er her og kjærleik.

Då vil me berre minne om lova for dyra i Hakkebakkeskogen:
1. Alle dyr i skogen må vera venner.
2. Ingen får lov til å eta kvarandre.
3. Den som er doven og ikkje finne mat sjølv, må ikkje ta mat frå andre.

.
FaceBook

Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge er 25 år og busett i Ølmedal. Han driv einmannsgruppa SorgSvart på tysk plateselskap. Han er levande oppteken av historie, dette inkluderar også fotball-historie. Og i dag går startskotet for VM i fotball 2010. Her gjev han oss ei vurdering av VM-gruppene.

.
FaceBook

Det var eit flott syn då M/S Rogaland kom inn Storøysundet i strålande sol i dag. Inne i Skipavåg vart skipet borda, og Johan Finnvik gjekk over i ein liten båt. Det er andre gong "Rogaland" vitjar Skipavåg på på den faste rundturen den har på Kystkulturdagane, fyrste gong var i 2002. Ein kan nok takke leiaren i Veteranskibslaget,  Finn Lien for at dei vågar seg inn i så tronge farvatn, han er lokalkjend rundt holmane her. Dei hadde 54 passasjerar med seg på turen i dag, og Tomas Finnvik var guide. http://www.gamlerogaland.no/

.
FaceBook

Torunn Rønnevik er vår lokale songstjerne. No har ho prøvd seg i X-faktor. Programmet vert sendt til hausten og då kan me sjå korleis det gjekk. Heia Torunn!

.
FaceBook

Dei yngste 4H-medlemane i Hauk hadde ein fin og aktiv sommarkveld på Frønsdal aktivitetssenter i Ølen tysdag 1. juni.

Riding, kanopadling, aktivitetar, leik og grilling stod på programmet. 

Jan Sverre Frønsdal driv senteret og hadde fylgjande tilbakemelding til 4H-foreldra i Imsland: Ein kjekk og godt samansveisa gjeng det er kjekt å ha besøk av. Er det ikkje flott?

Du finn bilete frå Frønsdal her.

.
FaceBook