Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Haustfesten markerar slutten på 4H-året. På haustfesten sist fredag viste medlemene fram oppgåvene sine og laga fest for heile bygda. Det er stor spredning i valg av prosjekt, men ein del medlemar vel oppgåver om dyr. Her er hund, hest og katt blant favorittane. Klubben ser og at musikkinteressa blant born og unge står sterkt, noko som vert gjenspegla i val av oppgåver og i underhaldninga frå scenen. Oppgåva Bakaren er ei smakfull og alltid populær oppgåve.

Hovuddelen av underhaldninga var i år inspirert av TV-program som Idol, Norske Talent og X-faktor. Me ynskte å visa fram Imsland sine talent, og det vart til slutt ei variert artistliste: Sjonglørar og komikarar, eit heilt nytt korps, diablogutar, aspirantkor, mannskor, rockeband, jenteband og ein ekte moteskapar. Dommarane konkluderte med at Imsland er smikkfullt av talent.

Førebuingane til haustfesten er i rute. Kom og sjå små og store talent frå Imsland!

Utstillingane opnar klokka 19:00 og programmet startar 19:30. Staden er Imsland bygdahus.

For kun 50,- / 30,- får du:
god underhaldning frå scena, eit godt kveldsmåltid, delta i god drøs rundt bordet, møta yre og forventningsfulle 4H-medlemmer på nært hald, sjå fine utstillingar, delta på loddtrekning med meir.

Hei alle i Hauk 4H!

Til øvinga onsdag 14. oktober må du hugse å ta med:
Den ferdig utfylte oppgåveboka di - klar til å levere til dommaren
Moteklær
Instrumentet ditt
Sangane
Tryllesaker, diablo

Vel møtt!

Til foreldra: Dersom du meinar det er greit at me legg ut bilete av ungane på denne nettsida så gi melding til Bente: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller på mob 47 23 17 35

På Frønsdal Gard i Ølen kan ein prøve seg på ulike aktivitetar. 30 klubbmedlemar frå Imsland besøkte garden i mai.

Etter ein kikk i stallen, vart me fordelte rundt på ulike aktivitetar. Me  fekk prøva oss på hesteryggen og me lærte korleis me skal te oss i ein kano.

Frønsdal

I skogsløypa fekk me testa vennskap og samhaldet oss imellom. Kan eg stola på venen min? Det lurte dei fleste på då dei vart blinda og skulle ta seg gjennom ei ulendt skogsløype – der berre munnlige tips og kommandoar frå Den Sjåande Venen fortalde dei kor det var trygt å ferdast.

Kvelden vart avslutta i lavoen med grilling og kos. Det var ein fin klubb-kveld!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716