Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


4H Haustprogram:

Haustfesten skal vera fredag 29.oktober.

Korleis ligg du an med 4H-prosjektet ditt? Bøkene må leverast seinast 19. oktober. Det er viktig at du sjekkar om du har oppfyllt alle krav før du leverer boka inn. (Kanskje foreldre/ føresette kan hjelpe deg å sjekke dette?) Krava som gjeld oppgåva står i prosjekthefta. Viss nokon har spørsmål til prosjekta så ta kontakt med Torunn, Gro Anita eller Bente.

Tidsplan for øvingar/ medlemsmøte fram mot haustfesten:
Måndag 4. oktober klokka 18:00 – 20:00
Tysdag 19. oktober klokka 18:00 – 19:30. Siste frist for levering av bøkene.
Torsdag 21. oktober klokka 18:00 – 19:30
Måndag 25. oktober klokka 18:00 – 19:30
Tysdag 26. oktober klokka 18:00 – 19:30
Torsdag 28. oktober – generalprøve byrjar klokka 19:00 og me held på til me er ferdige;-)
Fredag 29. oktober: FEST{#emotions_dlg.cool}

Det lir mot haust - og det er på tide å byrje planleggjinga av HAUSTFESTEN.

Torsdag 2. september vert det medlemsmøte på bygdahuset. Me startar klokka 18:00 og sluttar av klokka 20:00.

Ta med GODE IDEAR til festprogrammet;-))

Klårt Hovud - varmt Hjerta - flinke Hender - god Helsa

4H-klubben i Vikedal inviterer til sandvolleyballturnering torsdag 26. august. Alle 4H-arar i Imsland kan vera med. Møt ved buss-stoppen i Ølmedal i god tid så tek me 17:50-bussen til Vikedal. Me kjem heim med bussen som er i Ølmedal omlag klokka 21:00. Heia Hauk!{#emotions_dlg.cool}

4H-klubben hadde medlemsmøte på Bygdahuset sist fredag med gjennomgang av oppgåvene og klubbframføring. Utpå kvelden dekka me eit fint festbord og koste oss med taco og kake til dessert. Medlemane fekk tilbod om å overnatte, og gymsalen vart gjort om til ein  kjempestor sovesal der 25 medlemar overnatta.

Ta med boka di (dersom du har fått den) og noko å skrive med og møt  på Bygdahuset torsdag 14. januar klokka 18:00.

Me snakkar litt om prosjektoppgåva, avtale og plan. Ellers har styret lagt opp eit variert og kjekt program. Vel møtt!{#emotions_dlg.cool}

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716