Bygdekvinnelaget har lagt planar for hausten. Heldigvis inneber det mellom anna kafe på bygdahuset og middagsservering i god gammal stil! Resten av planen finn du ved å trykkje på "Les meir"-lenka.
H A U S T P L A N I M S L A N D B Y G D E K V I N N E L A G 2 0 1 2
24.oktober - Moteshow på kulturhuset på Sand kl 18.00.
Handelstanden på Sand viser haust og vintermoter
Demonstrasjonar i foajeen. Smaksprøvar av lokal mat.
Underhaldning. Kveldsopne butikkar.
Dette vil vi vere med på. Vi møter på Bygdahuset kl 16.30 og tar ferga kl 17.00 frå Ropeid. Vi fordeler oss i privat bilar som vanlig. Få gjerne nokon med dykk.
29.oktober - Årsmøte på Bygdahuset kl 19.30.
Vanlege årsmøtesaker og val.
Mat og kaffi
Elisabeth Kallevik Nesheim, leiar i U-landsutvalet til Rogaland Bondelag, kjem og fortel om utviklingsprosjektet i Kamerun. Det er 50 år sidan dette starta.
05.november - Kombinert strikkekveld/bokkveld i 19.30 tida på Bygdahuset.
Vi planlegg treff rundt ein gong i månaden utover hausten og vinteren. Korleis vi skal legge dette opp framover - ja det blir vi enige om i lag denne første kvelden.
Vi ønsker alle velkomne og håper på stor deltaking.
11.november - Kafe på Bygdahuset frå kl 13.00.
Servering i god gammel stil med middag m.m. Plakatar med meny vil bli sett opp når tida nærmar seg. Det er farsdag i dag - la far få fri og be han med på kafe.
Elles blir det trekning av vinnarar etter årets trimturar. Nokon kan vente seg ein liten premie.
Desember - Juletilstelning er under planlegging.
Satsar på å få med oss ein julekonsert og et godt julemåltid ein eller annan stad. Dette kjem vi tilbake til så snart ting er på plass.
Helsing Imsland Bygdekvinnelag