Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den "nye" vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.

Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt.  Arbeidet skal vere ferdig i desember.



Den nye løysinga er den tredje brua som vert bygd her,  (den fjerde viss ein reknar med mellombels omkjøringsveg) den fyrste står fortsatt og blei bygd i 1921 då vegen mellom Imsland og Ropeid vart bygd. Den andre brua som har vore i bruk fram til no er riven for å gi plass til den nye.
Det er laga ein mellombels omkjøringsveg som no blir nytta fram til byggjeprosjektet er ferdig på slutten av året.

Då dei gjekk i gong med gravearbeidet mellom bruene synte det seg at ein av steinane som låg i ura var ein utrasa stabbestein som hadde stått inntil den eldste brua. I denne er det innhogge veldig fint "Skjølje Bro". Denne steinen låg med skrifta ned så det var godt at dette blei oppdaga og steinen blei teke vare på. Det ligg bilde av denne under artikkelen.
Kanskje skal me ta me med det same namnet Skjøljavatnet, kva kjem det av? Ein kunne kanskje tru at det har noko med skjell å gjere, eller "skjøl" på litt gamal dialekt. Men me har lese gamle skrifter frå 1700-talet, og då skreiv ein "Skillevannet". Dette kjem av at grensa mellom det som då var Imsland og Sand og som no er Vindafjord og Suldal går gjennom vatnet. Skille har altså blitt til Skjølja gjennom tidene. Klikk på bilda for stor versjon.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716