Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Fredag 31. mai blei den nye sandvolleyballbanen i Imsland opna.
Banen blei påbegynt i 2012 og stod ferdig til vinteren. Flott dugnadsinnsats har gjort at me har fått ein solid bane med internasjonale mål.
Den er på 14x22 meter med sand av topp kvalitet (sanden er lik den  som blei brukt under VM i sandvolley i Stavanger i fjor).
Prislappen blei 125 000 kroner, finansiert med gåver frå Hauk 4H, grendautvalet, FAU , tippemidlar og sjølvsagt dugnadsinnsats:

Tusen takk til Hans  og VMA som hjalp oss med grunnarbeidet, Ole Johan, Magne Egil, Knut Jostein, Tore Ø. og Sverre som kjørte massar og sand, Leif Bjarne som skaffa tømmerstokkane, Tore I., Bjørn, Steinar og Edvind som har hjulpe til med så mangt!
Utan dykkar hjelp hadde me ikkje fått dette til!

Leiar i Hauk 4H, Leiv Vidar Rønnevik, klypte snora og deretter arrangerte Hauk 4H volleyballturnering.
Det var sydenstemning på skuleplassen denne kvelden, - spela berrføtt i kvit sand og 20 grader er absolutt å anbefala!

Nå håpar me at så mange som mogleg vil bruka den nye volleyballbanen og ha mykje glede av den!


Helsing sandvolleyballgruppa:
Svein Cato Birkeland
Linda Nordtveit
Bodil Imsland

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716