Andre pinsedag, 10.juni 2019, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 32. gong på rad, og trekkjer 700 – 900  trimmarar og aktive løparar.

I år er me så heldige at me får med oss ein verdsmeister i langrenn, seier Lars Olav Larsen frå arrangørklubben.  Sjur Røte, som vann sitt første individuelle VM-gull på 30-kilometeren i Seefeld i 2019, skal delta i løpet, samt vera med og setja ei fin ramme rundt dagen, seier Larsen.  


Skarp konkurranse
I fjor stilte 137 løparar til start i aktiv klasse. Ørjan Grønnevik, Spirit Stavanger FIK, vann herreklassen på tida 20.42  og Vienna Søyland Dahle, Skjalg IL, vann dameklassen på tida 23.41. Urige Buhta har løyperekorden, som er på 19.24.

Aldersbestemte klasseinndelingar
Nytt av året er jente- og guteklassar for 13/14 år og 15/16 år, i tillegg til dame- og herreklasse.
I tillegg til deltakarpremiar i trim/gåklassen vert det trekking av ulike gevinstar blant alle som deltek på arrangementet , mellom anna ein sykkel til verdi av om lag 7000,-.

Familiearrangement
Folketalet i Imsland blir tredobla under arrangementet, og i start/ mål-området er det liv og røre heile dagen. Dei fleste deltakarane går eller syklar den 7 km lange løypa og avsluttar gjerne turen med grillmat og dessert frå kortreist og tradisjonell kakebuffet på Imsland bygdahus.



Løype i vakker natur
Den 7 km lange løypa er asfaltert og lett kupert og går rundt idylliske Ølmedalsvatnet. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar , rullestolbrukarar og barnevogner.

Barneløp
Dei seinare åra har det og vorte avvikla barneløp under Ølmedal Rundt-arrangementet. – Barneløpet med om lag 100 deltakarar har vorte ein populær tradisjon, seier Lars Olav Larsen. – Det er ein flott opplevelse for borna å springe ut frå startstreken rett etter hovedløpet, då det står tett med publikum langs løypa og heiar dei av garde. Alle som deltek i barneløpet vert premiert med medalje, avsluttar Larsen.

FAKTA:
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 10.juni 2019.
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Ølmedal Rundt har vore arrangert kvart år frå 1988. Deltakarrekorden er 1300.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km, kiosksal ved Ølmedal camping.
Barneløp, trimklasse aldersbestemte klassar og konkurranseklasse.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassane, dvs aldersbestemte klassar i tillegg til dame- og herreklassen.
Loddtrekning av premiar i mosjonsklassen, mellom anna sykkel til verdi ca 7000,-.
Profesjonell speakerteneste.
Start familieklasse frå kl 10.00
Start aktiv klasse kl 14.00
Start barneløp kl 14.05

Kontaktinformasjon:
Lars Olav Larsen
Mob: 97650640
E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716